Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland. Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips. Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene. Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.
Lars Mæhle er ein allsidig forfattar som skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk og bokmål, humoristisk og trist, både fotball og fantasy. Dette intervjuet er gjort under Litteraturfestivalen på Lillehammer i fjor vår, men det handlar om noko som framleis er veldig populært, nemlig fantasy. I 2009 kom boka Landet under isen ut, ei bok som Lars Mæhle vann Uprisen for.
Lang prosess Landet under isen var altså ei bok som det tok lang tid å skriva, nesten ti år frå ide til ferdig bok og sjølve skriveprosessen tok fleire år. Boka er frittståande, men det kan altså henda at det kjem ein oppfølgjar. Det er berre å håpa at Lars Mæhle finn energi og kraft til å starta prosjektet.
Andre bøker Lars Mæhle er nok elles kanskje mest kjent for fotballserien sin om FK Knoterud, og for dei humoristiske bøkene om Harry og Ivar. Men visste du at han debuterte i 2002 med boka "Keeperen til Tunisia" som seinare blei filen "Keeper'n til Liverpool?"
Fantasyfeber
Det har blitt skrive og gitt ut mykje fantasy av varierande kvalitet i Noreg dei seinaste åra, både av norske forfattarar og bøker som er omsett frå andre språk. Mykje av det har vore seriar. Ein av dei mest kjente norske seriane er kanskje Phenomena av Ruben Eliassen, ein annan kjent serie er Alvetegnet av Sigbjørn Mostue og i dei seinare åra har også Iselin B. Alvestad, Mari Moen Holsve og Asbjørn Rydland markert seg innan sjangeren.
ER DET SÅNN AT FANTASYBØKER ER BETRE ENN (vanlige) REALISTISKE BØKER?
Ein ting er i alle fall sikkert, det er populært. Både Ruben Eliasen, Sigbjørn Mostue og Mari Moen Holsve har vunne Arks barnebokpris for sine fantasybøker, og dette er ein pris der barn sjølv får stemma fram sin favoritt.
Det som også er sikkert, er at det blir fleire fantasyforfattarar som kjem på besøk i Bak bøkene utover våren. Er det ein spesiell gjest du ønskjer skal koma hit?
Nokon gonger kan eit ord vera nok, som her i ein av mine favorittseriar ”The Wire”. Dette her går jo fint som snus i ein tv-serie, men det ville neppe fungert i ei bok. Eller kven veit? Eit tips til den som vil bli bra på dialog er i alle fall å sjå film, tv-seriar og teater.
Love and hate
Eg elskar og hatar å skriva dialog. Grunnen til det er at det er først når eg greier å få karakterane mine til å ha bra samtalar at historia får liv. Ingenting er verre enn å skriva dårlig dialog. Eg veit at eg skriv dårlig dialog når praten liksom ikkje flyt. Vel, nokon gonger skal dialogen hakka så klart, men då er det tilsikta hakking.
Av og til blir eg spurt om kva bok eg har skrive sjølv som eg er mest nøgd med. Vel, når det kjem til dialog er eg mest nøgd med bøkene om Engel Winge, eller det er i alle fall dialogane i desse bøkene som er gøyast å skriva.
– Eg er journalist, trur du nokon er interessert i å fortelja meg noko? spør eg.
Det blir stille gjennom eit par svingar, før Ole spør om det var Georg Thomsen sin BMW eg kasta opp på.
– Var det ein BMW? spør eg.
– Har du noko imot Georg Thomsen? spør Ole.
– Nei, det var eit uhell, seier eg.
– Det er hærverk, du er heldig sidan eg ikkje seier noko vidare og lèt deg sleppa med ei åtvaring, seier Ole.
– Vil du eg skal takka deg, eller? spør eg.
– Og når du er edru igjen i morgon, så skrur du av trimsettet på mopeden din, seier han.
– Ser eg ut som om eg kan skru moped? seier eg.
Mykje tullpreik
Når me snakkar med kvarandre sånn til vanlig, så er det ikkje alltid så mykje strålande glupt som kjem ut. Ein vanlig tabbe er å prøva å fortelja noko som er viktig for historia gjennom dialog. Då endar det ofte med lange monologar. Det kan sjølvsagt funka det også, men du skal ikkje ha for mange lange monologar i ei bok før det blir både tungt å lesa og forvirrande.
Send aspargesen!
Under er den herlige middagsscena frå American Beauty. Legg merke til kor effektivt det er at dei snakkar forbi kvarandre og at dialogen ikkje er logisk og pyntelig. Og sånn er det vel ofte i livet også, folk snakkar forbi kvarandre og held på i sitt spor utan å høyra på den ein snakkar med.
Den der dialogen skulle eg gjerne ha skrive!
Tv-serien Downton Abbey byr også på mange herlige replikkar.
Kva er din favorittserie, film eller bok når det kjem til dialog? Veit du svaret på dette, så har du kanskje nøkkelen til korleis du kan skriva betre dialogar.
Alf Kjetil Walgermo er ein forfattar som ikkje går av vegen for å skriva om alvorlige tema for barn og unge. Han skriv dei bøkene han føler han må, i vår kom boka ”Mitt bankande hjarte” som handlar om ei jente som har ein hjartefeil og treng eit nytt hjarta for å leva vidare. Samtidig er det også ei kjærleikshistorie, for noko den unge hovudpersonen, Amanda, lurer på er om ho kan vera forelska same gut som før med nytt hjarta?
God kritikk!
Mitt bankande hjarte hausta mange godord då den kom ut i vår:
"Alf Kjetil Walgermo har skrive ein ungdomsroman om å vere fjorten år så eg gjenkjenner det sårbare i den tida." Torill Myren, Sunnmørsposten
"Walgermo er ein utruleg flink forteljar, og han maktar å formulera fint og kjenslevart det som rører seg i tenåringen i møte med pubertet og vaksenliv." Audun Mosevoll, Dagen
"Fin skrivekunst [...] en engasjerende fortelling om liv og død, forelskelse og flere typer hjertesorg [...] en både god og nyttig bok." Morten Haugen, Aftenposten
Research
Det kan vera ein grei regel å skriva om noko ein har greie på. Då Alf Kjetil gav seg i kast med dette prosjektet, hadde han altså ikkje opplevd noko liknande sjølv og måtte gjera grundig research. Vidare måtte han på eit tidspunkt sleppa tak i alle fakta og lata hjarta ta over i historia, sånn at det ikkje berre blei masse fakta. Skal historia leva må forfattaren gå inn i historia med heile seg.
NOKO Å TENKA PÅ: TRUR DU AT EIN FORFATTAR KAN LEVA SEG INN I, – OG SKRIVA OM, NESTEN KVA SOM HELST?
Dette spørsmålet fekk eg for ikkje lenge sidan då eg var på skulebesøk i Fusa. På dette spørsmålet kunne eg svara ja, heilt utan å lyga. Det er så klart ein lang veg til eg er like tøff som Rocky Balboa (og til dei som lurer: Ja, eg likar filmane om Rocky), men eg både spring og trenar vekter.
Det å vera forfattar er eit stillesittande yrke, derfor treng eg å røra på meg. Eg er så heldig at eg kan bestemma at eg skal få lov til å trena for eksempel midt på dagen. Det er ikkje alltid like fantastisk gøy å tenka på at eg skal ut å springa, spesielt i vinterhalvåret. Derfor tenker eg på treninga som ein viktig del av forfattarjobben.
Å halda ut
Eg likar best å springa ganske langt, spring kanskje ikkje så fort men eg kjem alltid fram dit eg skal. Når eg spring øver eg på å halda ut. Det å halda ut når eg spring ti kilometer eller meir er som å skriva ein roman, då er det også viktig å halda ut. På same måte som ingen kan springa dei ti kilometrane for meg, kan ingen skriva boka for meg heller. Og på same måte som eg blir sterkare for kvar gong eg spring, blir eg også sterkare for kvar bok.
Det lengste er har sprunge var halvmaraton. Det er litt over 21 kilometer. Mot slutten av løpet hadde eg mest lyst til å dø, ikkje bokstavlig talt altså. Bokstavlig talt har eg alltid berre lyst til å leva. Det er meir rett å seia at eg var så sliten at eg tenkte litt på å gi opp, bryta løpet, men likevel klarte eg å pressa meg til ein spurt heilt på slutten. Eg begynner å synast at det er litt puslete at eg ikkje har sprunge eit heilt maraton, samtidig som tanken på å springa over 42 kilometer er ganske absurd. Dessutan så likar eg best å springa åleine i skogen.
Å løfta tungt
Når eg løftar tunge vekter kjenner eg meg litt tøff. Eg treng å føla meg tøff i blant. Når ein er på helsestudio og løftar tungt er det for eksempel heilt ok å brøla litt. Dei dagane eg har løfta litt og brølt litt, så skriv eg ekstra godt.
Som forfattar så sit ein ganske mykje i ro og då kan ein få vond rygg, vonde skuldrar, musearm og alskens styggedom. Eg likar ikkje å ha smerter, så derfor løftar eg og brølar eg.
Det er helse i kvart brøl.
Dette er kanskje litt pinlig å innrømma, men eg drikk meir proteindrikk enn vin i løpet av eit år. Eller, når eg tenker meg om, så er det ikkje pinlig å drikka meir proteindrikk enn vin. Ikkje i det heile.
Men nokon dagar går eg berre tur
Under forfattarsleppet i Bergen i år var eg og høyrte på mange andre fine forfattarar. Ein forfattar eg likar godt er Hans Sande. Han fortalte om boka si Pappa er sjørøvar. Det har forresten blitt litt bråk kring den boka. Du kan lesa om bråket hos NRK. Kanskje grunnen til at eg likar Hans Sande som forfattar er at det av og til blir bråk av hans bøker? Nok om det. Det han sa, som eg beit meg merke i, var at han får dei beste ideane sine når han går i skogen. At det er nesten sånn at han kan kalla seg skogsarbeidar. Det er litt sånn med meg også, eg får veldig mange gode idear når eg går på tur. Det å gå på tur, er derfor også ein viktig del av forfattarjobben.
Eg får mine beste idear når eg trenar eller går tur, når får du dine beste idear?
På Lidingö, som er min favoritturplass, har dei sett opp treningsapparat i skogen. Det likar eg godt, og når eg er på tur med for eksempel min nye venn Bessie (som er ein hund), så kan eg trena litt styrke. Sidan dette er naturreservat så kan ein ikkje nett begynna å hogga ned tre og sånn for å løfta på dei. Eg trur ikkje det er passande å brøla der heller, for då kan dei veldig små hundane som går på tur der bli redde.
PS: Eg er elendig i all ballidrett, dans, aerobic samt turn og alle typar kampsport. Eg er også elendig til å gå på ski, men i vinter er planen å gjera noko med det. Alle typar nedoverski er eg for feig til å prøva, eg likar ikkje å detta og slå meg.
På eit tidspunkt må grubleria på det perfekte plott slutta, og det som må til er å gi gass. Du må faktisk setta deg ned og skriva den der boka, ord for ord. No er eg så heldig å ha eit forlag og ein redaktør, som held meg ganske stramt i nakken og gir meg deadline. Men viss du ikkje har nokon redaktør, så må du gi deg sjølv ein tidsfrist og gjerne fortelja det til ein venn som kan passa på at du held tida. At du faktisk fullfører.
Din nye venn: eggeuret!
Det å setta på ein alarm på telefonen eller å bruka eit god gammaldags eggeur er som sagt mitt beste tips. (Dei fargeglade dingsane på bilete er forresten frå Jysk viss du kjente at du fekk lyst på eit sånt eggeur.) Eg har lese ein plass at 45 minutt er perfekt, det er omtrent så lenge ein klarar å konsentrera seg om gangen. No kan det sjølvsagt henda at du vil oppleva å koma i flyt. Det vil seia at dei 45 minutta fyk av garde og at du ikkje har lyst å ta pause. Vel, då er det berre til å flyta vidare i skrivinga. Tidtakaruret er mest meint for å gi deg det der vesle puffet.
Trenar
Redaktøren på forlaget er på mange måtar min personlige trenar i skrivinga. Ho heiar på meg under vegs, kjem med gode tips men set også strenge krav. "75 sider til 8. desember", har redaktør-Kjersti sagt. Då er det berre for meg å levera. Viss du ikkje har ein redaktør enno, så kan du skaffa same gode støtte frå ein venn. Fortel at du er i gang med å skriva ei bok, set deg eit realistisk mål og be om muntre tilrop på vegen. Pass på at det er nokon som er passe streng og som vil deg vel.
Realistiske mål er viktig. Med det meiner eg ikkje at du ikkje skal utfordra deg sjølv, men at du skal setta deg mål som du verkelig trur du kan nå. Kor mange sider trur du at du greier for dagen, i veka, i månaden? Viss du delar skrivinga opp i etappar blir det også enklare. Å skriva bok kan på mange måtar minna om å legga opp ei fjellvandring eller å springa maraton. Du kan planlegga til du blir blå i trynet, men når alt kjem til alt så er det berre om du gjennomfører eller ikkje som tel.
Viss du har andre gode tips for å få fart på skrivinga så blir eg hjartans takknemlig. Eg har som sagt snart deadline, og tek i mot alle puff i ryggen med den største takk!