
Johanna Thydell sin roman ”Ursäkta att jag vill bli lite älskad” eller ”Hallo, elsk meg da!” som den heiter på norsk har i dag (12.01.12)blitt anmeldt i Stavanger Aftenblad. Det stod mykje fint om boka. Mellom anna dette:
”Sjarmerende som bare det. Og tankevekkende. Så vi blir nok litt klokere, likevel, både voksne og unge, selv om det er på en særdeles underholdende måte.” Ingeborg Marie Jensen
Men på slutten av bokmeldinga stod det noko som fekk meg til å stussa kraftig:
”Nora og vennene hennes banner like mye som hovedstadssvenske ungdommer på t-banen, og det funker nok bra i Sverige. På norsk blir det imidlertid for voldsomt.”
Eg tek tunnelbanan i Stockholm ganske ofte, og synest ikkje svensk ungdom overgår norsk ungdom når det kjem til å vera grov i kjeften.
Er det berre meg?
Eller er grunnen til at dette blir for voldsomt på norsk (i følgje anmeldaren og ein skal her alltid huska at det er snakk om ein person si meining) at norske forfattarar er for pusete og snille? Tørr me ikkje å skriva i eit like realistisk språk som Johanna Thydell?
Dette lurer eg seriøst på????
Blir veldig glad for innspel og tankar….