Rockeopera med kule kyr
torsdag, november 10, 2011 at 4:54PM
Bladet Sunnhordland var tilstades under premieren på rockeoperaen Monstertanta i går 9.november som er laga og framført av elevar ved Høgskulen Stord Haugesund. Journalisten tok ein prat med to elevar frå Tjødnalio skule og dei to tolvåringane hadde sett særlig pris på dei tøffe kyrne. Dei var glad for at historia enda godt, sjølv om det var ei fæl tante det handla om.
Bladet Sunnhordland sin dyktige fotograf, Henrik Mundal Andreassen, tok bilete under premieren på Monstertanta, og har laga eit biletgalleri på nett. Trykk på kubilete eller her for å gå til galleriet.
Reader Comments