Bak bøkene: Jan Roar Leikvoll
mandag, oktober 10, 2011 at 10:44AM Ung, mørk og lovande!
Mørk og kompromisslaus, det kjenneteiknar den kritikarroste og prisløna forfattaren Jan Roar Leikvoll. Men kva gjer det med han å skriva så mørkt?
Jan Roar Leikvoll er ein ung mannlig forfattar som skil seg ut ved å ikkje la forfattarskapen sin kretsa rundt sitt eige liv. Derfor er det vanskelig å sjå at den først boka hans, Eit vintereventyr er skrive mens han hadde sterk kjærleikssorg. Han brukar dei kjenslene han har til å dikta opp ei historie, snarare enn å fortelja om eige liv. Og det er kanskje når ein brukar smerta kreativt at det blir så bra?
Begge bøken til Jan Roar Leikvoll har fått stor merksemd og hausta mange lovord.
Skrive om Eit vintereventyr:
"Dette, kjære venner, er et sant stykke litteratur."
Mattis Øybø, Klassekampen
"Mirakuløs debut. Utsøkt prosa med blytung tematikk fra helvetesleir."
Cathrine Krøger, Dagbladet
"Briljant utført, nesten utålelig tungt. Jan Roar Leikvoll er et skrivetalent som kompromissløst fordyper seg i det ondes problem".
Pål Gerhard Olsen, Bergens Tidende
"Leikvolls roman er svimlende velskrevet og til tider sjokkerende lesning. Et ondt lite mesterverk."
Susanne Christensen, Klassekampen
Jan Roar Leikvoll har ved fleire anledningar fått høyra at bøkene hans kan minna om Cormac McCarthy si skriving, særlig McCarthys vesle Pulitzerprisvinnande meisterverk The Road, Veien på norsk, som også blei filma i 2009.
Så då er jo det store spørsmålet: – Er Cormac McCarthy eit førebilete for den unge forfattaren frå Nordhordland?
Då eg stilte dette spørsmålet svarte Jan Roar (Trommevirvel!): Nei.
Jepp, der fekk me svar på det, altså.
Kva er den beste og vondaste boka du har lese?
Her er mi topp 3 liste:
Veien av Cormac McCarthy
Sjur Gabriel av Amalie Skram
Eit vintereventyr av Jan Roar Leikvoll
Reader Comments