Bak bøkene: Axel Hellstenius og Morten Skårdal
fredag, mai 27, 2011 at 8:33AM Prisvinnande samarbeid
Axel Hellstenius og Morten Skårdal kom i 2010 ut med romanen Fittekvote. Eit prosjekt dei hadde jobba lenge med og som begynte som filmmanus. Det blei ikkje film i første omgang i alle fall, men det blei ei bok som fenga ungdommen godt. Den 26. mai, vann dei Uprisen under Litteraturfestivalen på Lillehammer, ein pris gjeve av ungdommane sjølve.
”Vi har ikke lest noe liknende før” skreiv juryen i si grunngjeving. Les meir om prisutdelinga her.

Axel Hellstenius er ein erfaren forfattar som har skrive fleire bøker, film og tv-seriemanus mellom anna boka "Mens Blücher sank" i 2009 og filmmanus til Elling og Mors Elling. Meir om hans produksjon finn du her. Men eg mistenker at den sida på Wikipedia ikkje er heilt oppdatert.
Morten Skårdal debuterer som forfattar med denne boka. Han er orlogskaptein i forsvaret og skulle såleis ha veldig god peiling på miljøet det handlinga i boka foregår som altså er forsvaret.
"I Fittekvote blir vi kjent med Victoria, som bestemmer seg for å søke på befalsskolen sammen med kjæresten, men det er slett ikke enkelt. De kan ikke vise at de er kjærester, og Victoria får testet sine egne grenser både fysisk og psykisk. Samtidig må hun ta et valg: skal hun signere utenlandskontrakten, og dermed være villig til å dø for sitt land?" står det å lesa på Cappelen Damm sine sider om Fittekvote. Les resten av artikkelen her.
Morten og Axel er si bok eksempel på at to hovud gjerne tenker betre enn eitt.
Kva tenker du, blir bøker som er skrive av to forfattarar dobbelt så bra?
Har du ein favoritt forfattarduo?
Sidan eg var så heldig å få prata med Uprisvinnarane, så kom dette som ein ekstraepisode i Bak bøkene. Neste gjest kjem på måndag:
I neste episode av Bak bøkene skal det handla om arv og miljø. Gjesten kjem frå ein av Noregs mest omfangsrike forfattarfamiliar. Då eg spurte kor mange forfattarar dei eigentlig var i familien, kunne ho ikkje svara nøyaktig på det sjølv ein gong. Kan du gjetta kven gjesten er, eller i det minste kva kjent etternamn ho har?
Reader Comments