Bak bøkene: Ingelin Røssland
onsdag, august 24, 2011 at 9:04AM Dagen der på
Bokhausten er i gang. I år gir eg ut boka Minus meg på Cappelen Damm og i den samanheng drog eg til Oslo for å delta i diverse forfattarfestlegheitar! Og i dag er det dagen der på. Ingen skandalar på meg, i videoen får du vita løyndomen bak eit skandalefritt forfattarliv.
Til venstre: Eg les og fortel frå Minus meg under pressekonferansen. Til høgre: På fest med kjekke og fine folk. (Foto: Cappelen Damm)
Pressekonferansen blei direktesendt på nett. I løpet av dagen i dag vil det også vera mulig å sjå den i opptak.Har høyrt rykte om at lenke skal leggast ut her:
Ting er på gang
Sjølv om det enno er nokre veker til eg endelig får den ferdige boka mellom hendene, så har alt kjekke ting begynt å skje. Minus meg er nominert til Arks barnebokpris 2011.
Dette er dei andre nominerte:
Det var også fint å lesa følgjande i Klassekampen i dag: Som vanlig har Cappelen Damm en rikholdig høstliste for barn og ungdom. Hele 145 titler kommer ut i løpet av året, og blant dem det knyttes størst forventninger til, er Ingelin Røsslands "Minus meg".
Nye prosjekt
Neste veke blir det ikkje "Bak bøken" for då er det klart for første bloggpost i Arbeidsstova. Det betyr at ein bevegar seg enno djupare inn i sjølve arbeidet med å skriva bok. Tema neste veke er noko eg er svært oppteken av, nemlig språk.
PS: Og viss de ikkje skjønte det ut i frå videoen: nøkkelen til eit skandalefritt forfattarliv er å gå heim og legga seg lenge før det er snakk om nachspiel.

Reader Comments