Bak bøkene: Mariangela Cacace
torsdag, august 4, 2011 at 1:41PM Oppgjer med mafiaen
Hausten 2010 kom Mariangela Cacace ut med dokumentarboka Camorraland der ho tek eit sterkt oppgjer med den napolitanske mafiaen, Comorraen. Mariangela er halvt italiensk og i denne praten fortel ho om kor viktig det var å ta eit oppgjer med mafiakulturen som er ein del av Napoli der ho sjølv har røter.
Ho reiser mykje rundt på skular for å fortelja om boka og mafiaen, og formidlar såleis ei anna historie enn den romantiske gangstermyta ein kjenner frå filmar som Gudfaren, Once upon a time in America og tv-serien Sopranos.
Under er ein kortversjon av dokumentarfilmen ho har fått laga i samband med bokprosjektet.
Mariangela er nok den forfattaren eg kjenner som har det største om mest brennande gode hjarta. Etter terroren i Oslo skreiv ho ein klok og fin kommentar som ligg på NBU sine nettsider. Eg anbefalar denne artikkelen på det sterkaste. Klikk her og les.
Meir informasjon om Mariangela Cacace finn du på Wikipedia. Ho har også skrive fire ungdomsromanar som er verd å sjekka ut.
Neste veke er Olaug Nilssen gjest i Bak Bøkene, det er også ein forfattar som meiner mykje og som ikkje er redd for å synga ut viss det trengst.
Og til då kan du tenka over dette spørsmålet:
Er det viktig med forfattarar samfunnsengasjerte forfattarar som bryr seg?
PS: Ikkje ver redd for å bruka kommentarfeltet! Gode tankar og meiningar er til for å delast:-)
Comorraland,
Mariangela Cacace,
comorraen,
forfattar,
mafia in
Bak bøkene,
Forfattarar
Reader Comments