Bak bøkene: Hurra for bokhora!
fredag, september 2, 2011 at 9:33AM Og løyndomen bak det übercoola namnet?
Den fantastiske svenske bokbloggen bokhora, som også er svært populær i Norge og Finland, feirer fem år i år. Det er lang tid i internettsamanheng! Eg hadde den ære å vera invitert på festen, fekk ein fantastisk bokgoodiebag og dette filmklippet som eg no deler. Løyndomen bak namnet: Bokhora. Og det er Johanna Ögren som fortel historia på si herlige norrländska dialekt (med ein tøtsj av Tornedalen, ja eg er svak for dialektar).
Bokhora: Jessica Björkäng, Johanna Lindbäck,
Johanna Ögren og Johanna Karlsson.
Rause damer: Alle som kom fekk boknett!
80/20
Frå å vera ein vill ide født under ein fuktig kveld på byen, har bokhora vakse seg stor og viktig. Bokfolket lyttar når ei bokhore uttalar seg. Dei har gjort og gjer bokpratar på radio og hatt eiga bokside i avisa Aftonbladet. Blurbar frå bokhorene er også å finna på mange bøker. Så mykje tyder på at dei vil kunna feira seg sjølv igjen om nye fem år.
Men kven er den typiske lesaren/besøkaren på bokhora? Jo, det er bokinteresserte menneske så klart, mest svenskar, finnar på andre plass og så nordmenn. Og så var det menn då, 20% av lesarane er menn og 80% er kvinner. Det er omtrent som i resten av bokverda, med andre ord.
Men hey??? Du lurer vel no på korleis du kan bli kjent med bokhora? Kor er det du skal setta kursen på nett for å få eit rikare litterært liv?
Pust inn, pust ut, klikk her:

Reader Comments