Bak bøkene: Silje Stavrum Norevik
tirsdag, september 20, 2011 at 3:06PM Ta større risiko!
Haust betyr bøker, ikkje berre at dei kjem ut men også at dei blir anmeldt. Men kva ser ein kritikar etter når ho eller han skal skriva om ei bok? Og er det noko norske bøker manglar? Silje Stavrum Norevik melder vaksenbøker for Dagbladet og er gjest i Bak bøkene for å gi deg svaret på mellom anna desse spørsmåla.
Silje Stavrum Norevik etterlyser forfattarar som er villig til å ta større risk både språklig og tematisk i bøkene sine.
Kva meiner du? Er norske forfattarar for puslete?
Her kan du lesa nokre av Norevik sine kritikkar i Dagbladet.
Om Adam Hiorts veg av Brit Bildøen: "Ikke akkurat Don Quijote"
Om Nu Jävlar av Heidi Linda: "Denne boka bør du lese i vår"
Om De udødlige av Kjetil Bjørnstad: "Dette er ikke en roman, Kjetil Bjørnstad"
Om Flommens år av Margaret Atwood: "En fascinerende og vakker skrekkvisjon"

Forfattaren Silje nemner i intervjuet som ei ho har sansen for er danske Naja Marie Aidt som vann Nordisk Råds Litteraturpris i 2008 for novellesamlinga Bavian.
Neste gjest i Bak bøkene, er ein forfattar med to utgjevingar på samvitet. Ingen av bøkene passar for sarte sjeler.
Kritikar,
Silje Stavrum Norevik,
bøker,
meiningar in
Bak bøkene
Reader Comments