Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


Entries in Arbeidsstova (4)

onsdag
nov302011

Arbeidsstova: Sweet deadline!

På eit tidspunkt må grubleria på det perfekte plott slutta, og det som må til er å gi gass. Du må faktisk setta deg ned og skriva den der boka, ord for ord. No er eg så heldig å ha eit forlag og ein redaktør, som held meg ganske stramt i nakken og gir meg deadline. Men viss du ikkje har nokon redaktør, så må du gi deg sjølv ein tidsfrist og gjerne fortelja det til ein venn som kan passa på at du held tida. At du faktisk fullfører.

Din nye venn: eggeuret!

Det å setta på ein alarm på telefonen eller å bruka eit god gammaldags eggeur er som sagt mitt beste tips. (Dei fargeglade dingsane på bilete er forresten frå Jysk viss du kjente at du fekk lyst på eit sånt eggeur.) Eg har lese ein plass at 45 minutt er perfekt, det er omtrent så lenge ein klarar å konsentrera seg om gangen. No kan det sjølvsagt henda at du vil oppleva å koma i flyt. Det vil seia at dei 45 minutta fyk av garde og at du ikkje har lyst å ta pause. Vel, då er det berre til å flyta vidare i skrivinga. Tidtakaruret er mest meint for å gi deg det der vesle puffet.

 

Trenar

Redaktøren på forlaget er på mange måtar min personlige trenar i skrivinga. Ho heiar på meg under vegs, kjem med gode tips men set også strenge krav. "75 sider til 8. desember", har redaktør-Kjersti sagt. Då er det berre for meg å levera. Viss du ikkje har ein redaktør enno, så kan du skaffa same gode støtte frå ein venn. Fortel at du er i gang med å skriva ei bok, set deg eit realistisk mål og be om muntre tilrop på vegen. Pass på at det er nokon som er passe streng og som vil deg vel.

"Eit mål er ein draum med ein deadline"

Napoleon Hill

Realistiske mål er viktig. Med det meiner eg ikkje at du ikkje skal utfordra deg sjølv, men at du skal setta deg mål som du verkelig trur du kan nå. Kor mange sider trur du at du greier for dagen, i veka, i månaden? Viss du delar skrivinga opp i etappar blir det også enklare. Å skriva bok kan på mange måtar minna om å legga opp ei fjellvandring eller å springa maraton. Du kan planlegga til du blir blå i trynet, men når alt kjem til alt så er det berre om du gjennomfører eller ikkje som tel.

Viss du har andre gode tips for å få fart på skrivinga så blir eg hjartans takknemlig. Eg har som sagt snart deadline, og tek i mot alle puff i ryggen med den største takk!

mandag
okt032011

Arbeidsstova: Dramaturgi

Arbeidsstova: Dramaturgi from Ingelin Røssland on Vimeo.

 

Eg kan snakka om og teikna dramaturgikurvar i timevis. Så dette var ein veldig kjapp og ikkje heilt nøyaktig gjennomgang. Den gode nyheita er at me alle meir eller mindre har dramaturgi innebygd i oss, og den litt dårlige nyheita er at veldig mange syndar mot dramaturgiens reglar når dei skal skriva historier. Etter mi meining så er ei god historie med god dramaturgi uslåelig. Det er dette du vil få til om boka di skal bli lest og elska. Og det er vel det du vil?

 

Når eg skal i gang med eit nytt bokprosjekt så tenker eg først ut eit plott. Historia skal ha ein bra start eller anslag. Eg går rett på frå start. Så har eg klart for meg kva det er hovudpersonen ønskjer å oppnå eller for alt i verda vil unngå. Eg pønskar ut høgdepunkt og vendepunkt og så ein bra slutt. Alt dette planlegg eg FØR eg begynner å skriva boka. Viss eg ikkje klararar å pusla historia saman i denne fasen, skrinlegg eg ideen.

Øving

Sjølv om eg er veldig oppteken av dramaturgi og planlegg det eg skriv, så betyr ikkje det at bøkene mine er ein parade av perfekte dramaturgieksempel. Sjølv om dramaturgikurven ser banalt enkel ut, så er det eit slit å få det til. Eg øver på dette heile tida. Igjen og igjen og igjen. 

For å bryta poenget mitt ned til det superenkle, så kjem det no ein vits:

Det var ein gong to tomatar (presentasjon av hovudpersonane)

som skulle over ein veg (presentasjon av problemet).

Først gjekk den eine tomata over (spenningsoppbygging).

Så gjekk den andre tomata ut i vegen (spenninga bygger seg enno meir opp)

og den blei most av ein bil (dramatisk høgdepunkt).

Då sa den første tomata: Kom igjen ketchup (Slutten som har ein liten twist).

Dette er neppe verdas beste vits, men den illustrerer korleis dramaturgien er til stades i kvar minste historie.

Lær meir
Det er mange bra tips å plukka opp ved å sjå film. Eg har ofte lete meg inspirera av ulike filmar, særlig med tanke på oppbygging. Då eg skreiv boka Handgranateple var er til dømes oppteken av denne filmen Donnie Brasko. Malin i Handgranateple oppfører seg på mange måtar som Lefty i Donnie Brasco:

 Lær enno meir

Neste veke er det intervju med Bjørn Sortland i Arbeidsstova. Temaet er: Skrivekurs er det vits å gå på det?

Ja, og så heilt til slutt. Arbeidsoppgåve: Skriv ned ideen til boka eller historia/novella du skal skriva. Start, oppbygging, høgdepunkt, vendepunkt, slutt. Tenk igjennom kva er hovudpersonen sitt problem eller prosjekt.

 

mandag
sep122011

Arbeidsstova: Skildring

Det å kunna skildra relevant og med presisjon, handlar mykje om å vera oppmerksom. Fekk du med deg den endringa som skjedde undervegs i dette filmklippet?



Novella av Bjarte Breiteig som eg refererer til er i alle fall å finna i boka Surrogater frå 2000. Sjølv om Breiteig faktisk skildrar ganske mykje i denne novella så opplever ein teksten som både presis og knapp. Det er fordi han skildrar med omhug, noko eg synest alle burde gjera. Men dette er jo eit spørsmål om smak.
Viss du skildrar berre for å skildra, kan du vera sikker på at lesaren oppdagar det. Skildringar kan krydra ein tekst sånn at den blir betre, men for mykje eller feil krydder drep heile teksten.

Eksempel:
Per står opp 1:

Med søvnig hand slår Per etter den irriterande vekkarklokka som vekker han alt for tidlig. Han ligg stille ei stund før han løftar dundyna med det raude trekket. Trekket har også små grøne lauv på og fuglar i lilla. Ved sida av han i senga ligg kona og snorkar høgt. Han svingar beina ut på det grå golvet som er kaldt. Halvt i blinde leitar han med tærne etter dei brune tøflane. Han reiser seg og grip etter den blå morgonkåpa i frotté som heng over den kvite malingsflassa pinnestolen. Per tek på seg morgonkåpa, går mot den kvitmåla døra, opnar den så stille han kan. Det knirkar då han går over dørstokken. Snorkinga frå kona stansar.

Ja, du har kanskje skjøna teikninga? Dette er ganske så dårlig, og eigentlig får ein ikkje vita noko som helst om denne Per. Skildringa er tom.

Per står opp 2:

Då er det din tur å skildra Per sin morgon.

Dette er nokre ting som er viktig å tenka på:

Kvifor skal du skildra nett denne morgonen?

Kva er det du vil seia om Per med å skildra nett denne morgonen?

Kva fortel denne skildringa om forholdet Per har til kona si?

 

Sjå, føl, smak og lukt på denne brokkolien

Eg veit ikkje om du har vore bort i øvingar for å læra deg å skildra? La oss seia at du får utdelt ein brokkoli og meininga er at du skal skildra den så originalt og levande du berre kan. Å sjå, føla på eller å snusa inn brokkoli er ikkje heilt normal oppførsel. Så med mindre du vil skildra ein person som er gartnar, ikkje har sett mat på fjorten dagar eller rett og slett er gal, så er mitt råd at du skal la brokkolien vera i fred. I dei fleste tilfeller held det å konstatera at det er ein brokkoli, ferdig med det.

Ver til stades i teksten din

For meg handlar skildringar om å vera til stades i teksten. Eg lever meg inn i det som skjer og personane eg skriv om. Skildring er berre eit av verktøya eg brukar får å få fram det eg vil. Det viktigaste er historia eg vil fortelja. Eg er forfattar fordi eg likar å fortelja historier, ikkje fordi eg er glad å skildra.

Utfordring til deg:

Eit bilete fortel meir enn tusen ord, men eit bilete kan også vera det som set deg i gong til å laga ei lita forteljing. Gjerne med skildringar og rikt språk.

 

Dette bilete har tittelen brudepike på rømmen, gøymer det seg ei historie her kanskje?

 

Viss ikkje dette bilete får deg til å koma på ei historie, så kan du til neste arbeidsstove trena på å laga små personskildringar som den om Per (berre betre enn det eksempelet eg laga, så klart). Tenk deg at det er hovudpersonen i ein roman eller ei novelle som du gjennom denne skildringa skal etablera.

Det å setta ein karakter gjennom nokre få presise setningar er ein kunst, så det er berre å setta i gong å øva.

 

Premiar:

Sist veke lova eg bokpremiar til den som skreiv best om ei bok eller ein forfattar dei likte. Eg fekk inn to svar og likte begge så godt at det blir bok både til Bente og Roy.

Så då treng eg berre postadresse, og så blir bøkene sendt i posten! Bente og Roy, send meg ei melding via facebook eller twitter med adresse.

Og så heilt til slutt, det går an å laga fine ting utan å skildra. Dette klippet har fått meg til å grina, heilt sant...

 

 

 

søndag
sep042011

Arbeidsstova: I byrjinga var ordet

Språk

"Det är svårt att lära ut sådant som känns så självklart." står det i Gunnar Ardelius sin roman "Bara kärlek kan krossa ditt hjärta". Sånn føler eg det når det kjem til språk. Språket er for meg så sjølvsagt, kanskje for sjølvsagt? Men når alt kjem til alt er eg oppteken av språk, har meiningar om språk. Derfor startar Arbeisstova med ordet. Eg skal prøva å læra ut noko om språk, sjølv om det er svårt...

Eg kan ikkje heilt peika på om det var gleda over språket eller forteljargleda som kom først. Men eg huskar ganske tydlig at eg (alt veldig stor i kjeften) som 22-åring sa i eit debutantintervju i BT. At det ikkje hjelper med bra språk viss du ikkje har noko å seia, og samanlikna det med å vifta med ei fin motorsag utan å vera i stand til å fella tre.  Tretten år seinare, er eg i grunnen av same oppfatning. Eg elskar bra språk, men det er ikkje nok for å begeistra meg.

Kjensle for språk

Eg er av den oppfatning at vi alle er fødd med meir eller mindre kjensle for språket. Det fins dei som har ei utmerka språkkjensle, men slit litt skriftlig. Bror min fekk kanskje ikkje ein like skinande karakter i norsk som meg, men han har svært kreative munnlege evner.  Det er faktisk ofte at hans språk og formuleringar hamnar i mine bøker. Folk har det i kjeften både på mors og farssida av familien, så eg er på mange måtar flaska opp på skrøner og formuleringsglede. Det gjekk som det måtte gå, nokon av oss måtte berre bli forfattar.

 

Så ta ein pause og tenk, korleis står det til reint språklig i din familie? Eg vil tippa at det eigentlig står ganske bra til. At det finns nokre ordsmedar og skrønemakarar i di slekt også. I så fall er du heldig. Du er trulig velsigna med eit talent du ikkje visste om, og det talentet kan veksa, og veksa seg stort med rett gjødsel!

 

Rett gjødsel?

Den aller beste gjødsel for ei forfattarspire er bøker, bøker, bøker. Eg vil påstå at ein aldri kan bli overgjødsla. Det er ein fordel om ein les bra bøker, i alle fall inn i mellom. Hjernen, som kroppen elles, blir sløv viss den berre får junkfood som næring. Eg har ingenting i mot kiosklitteratur, så lenge eg slepp å lesa det.

Eg har mange forfattarar og bøker som eg likar.Det har sikkert du også, så her kjem mi første utfordring til deg:

Skriv nokre ord om ei bok eller ein forfattar du likar og kvifor?

Dette er ei veldig nyttig øving, for viss du kan klargjera for deg sjølv kva det er du likar og kvifor, så er du på sporet av korleis du skal skriva sjølv.

Og viss du er modig nok til å posta desse orda på bloggen her, så vankar det premie. Det beste svaret får velja ei av bøkene under.

 

Eg kan begynna med eit eksempel:

Ei av dei bøke som har gjort sterkast inntrykk på meg er Ingen drittunge lenger av Rune Belsvik. Då eg les, eller faktisk høyrte boka som opplesing, skjøna eg kva bøker eg ville og måtte skriva. Rått, sårt, sant og kjenslevart var møtet med denne boka.  Viss du er meir nyfiken på dette møtet, kan du lesa om det på barnebokkritikk.no

Då er det din tur.

 

Og når du har gjort denne første oppgåva i Arbeidsstova, så kan du kosa deg med filmen under. Er det mulig å ha full oversikt over språket?