Arbeidsstova: Dialog eller berre fuck?
mandag, januar 9, 2012 at 7:34PM Nokon gonger kan eit ord vera nok, som her i ein av mine favorittseriar ”The Wire”. Dette her går jo fint som snus i ein tv-serie, men det ville neppe fungert i ei bok. Eller kven veit? Eit tips til den som vil bli bra på dialog er i alle fall å sjå film, tv-seriar og teater.

Love and hate
Eg elskar og hatar å skriva dialog. Grunnen til det er at det er først når eg greier å få karakterane mine til å ha bra samtalar at historia får liv. Ingenting er verre enn å skriva dårlig dialog. Eg veit at eg skriv dårlig dialog når praten liksom ikkje flyt. Vel, nokon gonger skal dialogen hakka så klart, men då er det tilsikta hakking.
Av og til blir eg spurt om kva bok eg har skrive sjølv som eg er mest nøgd med. Vel, når det kjem til dialog er eg mest nøgd med bøkene om Engel Winge, eller det er i alle fall dialogane i desse bøkene som er gøyast å skriva.
Her er ein smakebit frå Englefjes (2008):
– Har du høyrt noko? spør Ole.
– Eg er journalist, trur du nokon er interessert i å fortelja meg noko? spør eg.
Det blir stille gjennom eit par svingar, før Ole spør om det var Georg Thomsen sin BMW eg kasta opp på.
– Var det ein BMW? spør eg.
– Har du noko imot Georg Thomsen? spør Ole.
– Nei, det var eit uhell, seier eg.
– Det er hærverk, du er heldig sidan eg ikkje seier noko vidare og lèt deg sleppa med ei åtvaring, seier Ole.
– Vil du eg skal takka deg, eller? spør eg.
– Og når du er edru igjen i morgon, så skrur du av trimsettet på mopeden din, seier han.
– Ser eg ut som om eg kan skru moped? seier eg.
Mykje tullpreik
Når me snakkar med kvarandre sånn til vanlig, så er det ikkje alltid så mykje strålande glupt som kjem ut. Ein vanlig tabbe er å prøva å fortelja noko som er viktig for historia gjennom dialog. Då endar det ofte med lange monologar. Det kan sjølvsagt funka det også, men du skal ikkje ha for mange lange monologar i ei bok før det blir både tungt å lesa og forvirrande.
Send aspargesen!
Under er den herlige middagsscena frå American Beauty. Legg merke til kor effektivt det er at dei snakkar forbi kvarandre og at dialogen ikkje er logisk og pyntelig. Og sånn er det vel ofte i livet også, folk snakkar forbi kvarandre og held på i sitt spor utan å høyra på den ein snakkar med.
Den der dialogen skulle eg gjerne ha skrive!
Tv-serien Downton Abbey byr også på mange herlige replikkar.
Kva er din favorittserie, film eller bok når det kjem til dialog? Veit du svaret på dette, så har du kanskje nøkkelen til korleis du kan skriva betre dialogar.
[Your Name Here]
Arbeidstittel: Kirsebærsnø
Eg plar alltid å halda korta tett til brystet, men no deler eg noko som gjer litt vondt. Tekst under arbeid.
Ein dialog mellom hovudpersonen (Lillian, eller kanskje ho blir heitande Lisbeth?) og tenåringsdottera Jenny:
”Det slo deg ikkje at eg såg på det der programmet?”
”Eg trudde du gjorde noko anna”, seier Jenny utan å skifta tilbake kanalen.
”Kvifor trur du tv-en var på?”
”Veit ikkje.”
”Kor var du i går kveld?”
”Ute.”
”Var det deg eg høyrte koma i tre-tida?”
Jenny gjer ei skulderrørsle, ser ut til å vera oppslukt av tv-en.
”Er det Eline sine klede du legg saman?”
”Ja.”
”Men meg masar du på om at eg må gjera det sjølv.”
”Eline trødde til på frisørsalongen i heile går formiddag og så har ho ein viktig prøve til veka.”
”Urettferdig.”
Jenny skruk av tv-en og går. Lillian anar at ho let det tomme juiceglaset og dei halvetne brødskivene stå igjen på bordet med vilje.
dialog,
skrivetips in
Arbeidsstova,
Skrivetips