Arbeidsstova: Dramaturgi
mandag, oktober 3, 2011 at 9:59PM Arbeidsstova: Dramaturgi from Ingelin Røssland on Vimeo.
Eg kan snakka om og teikna dramaturgikurvar i timevis. Så dette var ein veldig kjapp og ikkje heilt nøyaktig gjennomgang. Den gode nyheita er at me alle meir eller mindre har dramaturgi innebygd i oss, og den litt dårlige nyheita er at veldig mange syndar mot dramaturgiens reglar når dei skal skriva historier. Etter mi meining så er ei god historie med god dramaturgi uslåelig. Det er dette du vil få til om boka di skal bli lest og elska. Og det er vel det du vil?
Når eg skal i gang med eit nytt bokprosjekt så tenker eg først ut eit plott. Historia skal ha ein bra start eller anslag. Eg går rett på frå start. Så har eg klart for meg kva det er hovudpersonen ønskjer å oppnå eller for alt i verda vil unngå. Eg pønskar ut høgdepunkt og vendepunkt og så ein bra slutt. Alt dette planlegg eg FØR eg begynner å skriva boka. Viss eg ikkje klararar å pusla historia saman i denne fasen, skrinlegg eg ideen.
Øving
Sjølv om eg er veldig oppteken av dramaturgi og planlegg det eg skriv, så betyr ikkje det at bøkene mine er ein parade av perfekte dramaturgieksempel. Sjølv om dramaturgikurven ser banalt enkel ut, så er det eit slit å få det til. Eg øver på dette heile tida. Igjen og igjen og igjen.

For å bryta poenget mitt ned til det superenkle, så kjem det no ein vits:
Det var ein gong to tomatar (presentasjon av hovudpersonane)
som skulle over ein veg (presentasjon av problemet).
Først gjekk den eine tomata over (spenningsoppbygging).
Så gjekk den andre tomata ut i vegen (spenninga bygger seg enno meir opp)
og den blei most av ein bil (dramatisk høgdepunkt).
Då sa den første tomata: Kom igjen ketchup (Slutten som har ein liten twist).
Dette er neppe verdas beste vits, men den illustrerer korleis dramaturgien er til stades i kvar minste historie.
Lær meir
Det er mange bra tips å plukka opp ved å sjå film. Eg har ofte lete meg inspirera av ulike filmar, særlig med tanke på oppbygging. Då eg skreiv boka Handgranateple var er til dømes oppteken av denne filmen Donnie Brasko. Malin i Handgranateple oppfører seg på mange måtar som Lefty i Donnie Brasco:
Lær enno meir
Neste veke er det intervju med Bjørn Sortland i Arbeidsstova. Temaet er: Skrivekurs er det vits å gå på det?
Ja, og så heilt til slutt. Arbeidsoppgåve: Skriv ned ideen til boka eller historia/novella du skal skriva. Start, oppbygging, høgdepunkt, vendepunkt, slutt. Tenk igjennom kva er hovudpersonen sitt problem eller prosjekt.