Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


Entries in forfatter (3)

onsdag
jan182012

Bak bøkene: Lars Mæhle

Landet under isen

Lars Mæhle er ein allsidig forfattar som skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk og bokmål, humoristisk og trist, både fotball og fantasy. Dette intervjuet er gjort under Litteraturfestivalen på Lillehammer i fjor vår, men det handlar om noko som framleis er veldig populært, nemlig fantasy. I 2009 kom boka Landet under isen ut, ei bok som Lars Mæhle vann Uprisen for.

Lang prosess
Landet under isen var altså ei bok som det tok lang tid å skriva, nesten ti år frå ide til ferdig bok og sjølve skriveprosessen tok fleire år. Boka er frittståande, men det kan altså henda at det kjem ein oppfølgjar. Det er berre å håpa at Lars Mæhle finn energi og kraft til å starta prosjektet.

 

Andre bøker
Lars Mæhle er nok elles kanskje mest kjent for fotballserien sin om FK Knoterud, og for dei humoristiske bøkene om Harry og Ivar. Men visste du at han debuterte i 2002 med boka "Keeperen til Tunisia" som seinare blei filen "Keeper'n til Liverpool?"

Fantasyfeber

Det har blitt skrive og gitt ut mykje fantasy av varierande kvalitet i Noreg dei seinaste åra, både av norske forfattarar og bøker som er omsett frå andre språk. Mykje av det har vore seriar. Ein av dei mest kjente norske seriane er kanskje Phenomena av Ruben Eliassen, ein annan kjent serie er Alvetegnet av Sigbjørn Mostue og i dei seinare åra har også Iselin B. Alvestad, Mari Moen Holsve og Asbjørn Rydland markert seg innan sjangeren.

ER DET SÅNN AT FANTASYBØKER ER BETRE ENN (vanlige) REALISTISKE BØKER?

Ein ting er i alle fall sikkert, det er populært. Både Ruben Eliasen, Sigbjørn Mostue og Mari Moen Holsve har vunne Arks barnebokpris for sine fantasybøker, og dette er ein pris der barn sjølv får stemma fram sin favoritt.

Det som også er sikkert, er at det blir fleire fantasyforfattarar som kjem på besøk i Bak bøkene utover våren. Er det ein spesiell gjest du ønskjer skal koma hit?

torsdag
nov242011

Bak bøkene: Harald Rosenløw Eeg

Ta vare på ideane!

I dag er det utdeling av Brageprisen, og gjest i bak bøkene er ein som har vunne Brageprisen to gonger (For Vrengt 1997 og Yatzy 2004). Det er ganske imponerande. Så kva er Harald Rosenløw Eeg sin hemmelighet? Kor får han ideane frå til alle desse historiane som fenger så vidt og breitt? I haust er han aktuell med boka Gyldig fravær, som har fått knallkritikkar mellom anna i Dagbladet. ”Gyldig fravær er en roman om det vi frykter mest. Og om det vi ønsker oss mest i livet.” , står det på Aschehoug forlag sine sider om boka.

Imponerande liste over prisar

Harald Rosenløw Eeg har ei imponerande liste over prisar han har vunne, mellom anna er han den einaste som har vunne Tarjei Vesaas' debutantpris med ei ungdomsbok, alle dei andre som har fått denne prisen har gjort det med vaksenbøker. Debutboka til Harald heit Glasskår og kom i 1995. I 2001 kom filmen bassert på boka. Harald skreiv sjølv filmmanuset.

Meir enn berre bøker

Når ikkje Harald skriv bøker, så skriv han manus for film og tv. Du har kanskje sett DeUsynlige? Dette er ein av mine favorittfilmar viss ein berre skal velja mellom norske filmar. Den blir nesten betre når ein ser den fleire gonger. Så her er ein smakebit:

 

 

Om du skal skriva bøker, dikt, noveller eller film så er altså ideane viktige. Kor får du dine beste idear frå?

Når veit du at du har ein god idé?

 

PS! PS! PS!

I dag er det altså Brageprisutdeling og dette er dei nominerte i kategorien Barne- og ungdomsbøker:

Fallteknikk – Inga Sætre

Gjøken – Bjørn Arild Ersland og Hilde Kramer

Aarons maskin – Sverre Knudsen

Utfor – Sunniva Relling Berg

 

Kven er din favoritt?

 

søndag
nov132011

Bak bøkene: Anna R. Folkestad

Baby ingen hindring

Anna R. Folkestad er debutanten som berre måtte skriva bok. Då ho var i permisjon med sitt tredje barn, Noelle, gav ho full gass og både skreiv og illustrerte boka om Henrik And. Ho har ein viktig bodskap til alle som drøymer om å skriva bok, men føler at tida ikkje strekker til.

Ein snill mann

Det blir sagt at bak ein kvar stor mann står ei kvinne, eller noko i den dur. Men ei kvar forfattarkvinne treng ein snill mann som ryddar og held huset i orden. Anna seier at ho har ein mann som er flink til å holda huset ryddig, og sidan ho har sluppe å tenka på det så har ho kunna utnytta sine stolne ti minutt her og der maks.

Eit barn som søv

I fjor haust sendte Anna skisser og tekst til Det Norske Samlaget og det blei avtala at ho skulle møta ein av redaktørane frå forlaget under den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu på Stord. Redaktør, Erle Stokke,  tennte på ideen om den vesle anda som lurer på om det er nok å berre vera ei and. Anna var gravid med barn nummer tre, og det blei avtala at dei fekk sjå kva unge det blei før dei kunne bestemma når boka kunne koma ut. Noelle kom ut, Noelle sov og mor kunne realisera bokdraumen sin.

Anna sitt råd er: Ikkje stå i vegen for deg sjølv, ikkje rot deg bort og kom med unnskyldningar. Det verste som kan skje er at du får nei, men viss du ikkje prøver så skjer det i alle fall ingenting.

 

Debutanten Anna er alt i gong med tre nye bøker i ein heilt ny serie. Eg fekk lov å tjuvkikka på skissene. Eg er imponert og gler meg stort til bøkene blir ferdig. Dei to første kjem hausten 2012.

Kva er ditt beste tips for å finna tid til det du verkelig vil?