Arbeidsstova: Genialitet, kva er det?
torsdag, september 22, 2011 at 8:32AM Kva er genialitet? Og er det kanskje meir bortkasta enn matnyttig å jaga etter ein genial ide? I dag har eg fleire spørsmål enn svar i arbeidsstova, men undring er aldri bortkasta, er det vel?
Så kva tenker du om genialitet? Har du sett, høyrt eller lese noko som fortener denne merkelappen?
Eg skal sjå Romeo&Julie for sjette eller sjuande gong 1. oktober, og mens eg sit der i salen så kjem eg nok til å undra litt på kva er det med dette teaterstykket som treffer generasjon etter generasjon?
Ein effekt som dette stykket alltid har på meg, er at eg får lyst til å gå heim å skriva noko. Å sjå andre sitt geni, tenner meg til dyst. Andre sin dyktighet smittar.
Trykk på bildet og sjå balkongscenen frå Romeo&Julia som går på Dramaten (Just nu!)
Og så, godbiten som eg lova: Eit lite sjarmtroll som har fullstendig hang up på Torbjørn Egners små tanntroll!
