Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


Entries in Guri Fjeldberg (1)

søndag
jun192011

Bak bøkene: Live Bonnevie

Brakdebut med hestebok!

Live Bonnevie skulle skriva si første bok, gjorde ho noko lurt. Ho skreiv rett og slett om noko som ho hadde god greie på. Bonnevie har drive med hest i over tretti år, og hadde ei nesten utømmelig kjelde å ausa frå då ho skreiv romanen Hestenes klan. Boka er no ute i sitt femte opplag, så ein kan trygt kalla det ein brakdebut!

 

Lives tips til ei kvar forfattarspire, er å nettopp bruka noko du er ekspert i ditt første bokprosjekt.

 

Noko å tenka på: Viss du skulle følgja Live sitt råd, kva ville i så fall di første bok handla om?

 

Men det å kjenna stoffet sitt godt har også ei bakside, Live Bonnevie opplevde at det var vanskelig å avgrensa stoffet. Det var så mykje ho ville fortelja. Heldigvis så er jo muligheten der til å skriva fleire bøker, noko ho alt er godt i gang med.

 

Hestenes klan er ei hestebok utanom det vanlige, den engasjerer og er spanande også for dei som ikkje synest hest er best. Boka fekk mykje merksemd då den kom ut.

Dette skreiv kritikar Guri Fjeldberg om Hestenes klan i Bergens Tidende: "Med denne blandingen av spenning, hestekunnskap, kvinnelig urkraft og refleksjon om oppdragelse, lykkes Bonnevie i å utfordre sjangeren hestebok. Endelig!" og her kan du lesa kva andre har meint om boka.

Viss du vil vita mi meining, så er det: Ei bok som er perfekt til å ta med på ferie! To dagar med regn vil garantert fly av garde i selskap med Hestenes klan.

Live Bonnevie har bakgrunn frå filmbransjen, og det var derfor naturlig å laga ein trailer for boka. Den er ganske så imponerande og flott, synest eg!

Og likte du denne, så sjekk også ut kinoreklamen for boka!

Les meir om Live Bonnevie og debutboka hennar på bloggen hestenesklan.no.

Neste veke er det klart for siste gjest før ingelin.no tek sommarferie. Det er ein allsidig forfattar som kunne hatt ”Noko for alle” som slagord. Han er i år festivalforfattar under dei nynorske festspela , og då burde det vera lett å finna ut kven det er snakk om…