Bak bøkene: Harald Rosenløw Eeg
torsdag, november 24, 2011 at 9:37AM Ta vare på ideane!
I dag er det utdeling av Brageprisen, og gjest i bak bøkene er ein som har vunne Brageprisen to gonger (For Vrengt 1997 og Yatzy 2004). Det er ganske imponerande. Så kva er Harald Rosenløw Eeg sin hemmelighet? Kor får han ideane frå til alle desse historiane som fenger så vidt og breitt? I haust er han aktuell med boka Gyldig fravær, som har fått knallkritikkar mellom anna i Dagbladet. ”Gyldig fravær er en roman om det vi frykter mest. Og om det vi ønsker oss mest i livet.” , står det på Aschehoug forlag sine sider om boka.
Imponerande liste over prisar
Harald Rosenløw Eeg har ei imponerande liste over prisar han har vunne, mellom anna er han den einaste som har vunne Tarjei Vesaas' debutantpris med ei ungdomsbok, alle dei andre som har fått denne prisen har gjort det med vaksenbøker. Debutboka til Harald heit Glasskår og kom i 1995. I 2001 kom filmen bassert på boka. Harald skreiv sjølv filmmanuset.
Meir enn berre bøker
Når ikkje Harald skriv bøker, så skriv han manus for film og tv. Du har kanskje sett DeUsynlige? Dette er ein av mine favorittfilmar viss ein berre skal velja mellom norske filmar. Den blir nesten betre når ein ser den fleire gonger. Så her er ein smakebit:
Om du skal skriva bøker, dikt, noveller eller film så er altså ideane viktige. Kor får du dine beste idear frå?
Når veit du at du har ein god idé?
PS! PS! PS!
I dag er det altså Brageprisutdeling og dette er dei nominerte i kategorien Barne- og ungdomsbøker:
Fallteknikk – Inga Sætre
Gjøken – Bjørn Arild Ersland og Hilde Kramer
Aarons maskin – Sverre Knudsen
Utfor – Sunniva Relling Berg
Kven er din favoritt?
[Your Name Here]
Og vinnaren av Brageprisen for 2011 i kategorien barn og ungdom er:
Inga Sætre med Fallteknikk!

"- Jeg kommer bare på hjelp og takk. Jeg hadde egentlig ikke tenkt at jeg skulle vinne, så jeg har ikke mer å si enn tusen, tusen takk. Og - det er veldig herlig, sa Sætre i takketalen sin."
Les saka hos Dagbladet!
Og her er Inga Sætre si heimeside.