Bak bøkene: Frode Grytten (1. episode)
torsdag, oktober 13, 2011 at 9:42AM Heimstaddiktaren Frode "Odda" Grytten
Då Frode Grytten skreiv si første historie (som fjortenåring) var ikkje Odda bra nok, han skreiv om Los Angeles. Det blei ikkje så vellukka, men etter han reindyrka sitt litterære Odda, er til og med folk frå Beijing oddingar.
Det er kult å vera heimstaddiktar, meiner Frode bestemt.
Kva er din favorittheimstaddiktar?
Det er sjølvsagt lov å svara Frode Grytten:-) også!
Oddabråk

I går starta Litteratursymposiet i Odda og temaet for symposiet er BRÅK.
Odda er ein bråkete stad på mange plan, historisk, politisk og industrielt. Litteratursymposiet utforsker bråk i litteraturen og sin eigen motsetnad: stillheit.
Alt om litteratursymposiet i Odda finn du her.
Frode er sjølvsagt på plass i Odda!
Saganatt
Frode Grytten er i haust aktuell aktuell med ein ny roman: Saganatt, ein trilogi om tre menn i tre generasjonar - bestefar, far og son, og er eit satirisk portrett av Noreg dei siste 30 åra.
”Verket spruter og gnistrer av kreative innfall og ideer, som gjør det til en fest å lese. Boken renner nesten over av overdådige, humoristiske innslag.” Skriv Dagsavisen sin anmeldar. Les heile kritikken.
Bergens Tidende sin kritikar er ikkje fullt så begeistra:
”Bortkastet fortellertalent” er overskrifra på kritikken i den avisa. Les heile kritikken.
Her er det altså rom for å lesa sjølv og gjera seg opp si eiga meining. Det er jo oftast det beste!
Sidan det alltid er så utrulig koselig og kjekt å prata med Frode Grytten, så dukkar han opp igjen i Bak bøkene. Då handlar det om at det er stilig å bli eldre.
[Your Name Here]
Frode Grytten under Litteratursymposiet i Odda!
Frode Grytten som Helge Olsen, ein representant for den grå massen i Odda, opnar Litteratursymposiet.
Enjoy!
Frode Grytten,
Odda,
Saganatt,
forfattar,
heimstaddiktar,
skrivetips in
Bak bøkene,
Forfattarar,
Skrivetips