Arbeidsstova: Stål i bein og armar
torsdag, desember 8, 2011 at 5:27PM – Er du sterk?
Dette spørsmålet fekk eg for ikkje lenge sidan då eg var på skulebesøk i Fusa. På dette spørsmålet kunne eg svara ja, heilt utan å lyga. Det er så klart ein lang veg til eg er like tøff som Rocky Balboa (og til dei som lurer: Ja, eg likar filmane om Rocky), men eg både spring og trenar vekter.
Det å vera forfattar er eit stillesittande yrke, derfor treng eg å røra på meg. Eg er så heldig at eg kan bestemma at eg skal få lov til å trena for eksempel midt på dagen. Det er ikkje alltid like fantastisk gøy å tenka på at eg skal ut å springa, spesielt i vinterhalvåret. Derfor tenker eg på treninga som ein viktig del av forfattarjobben.
Å halda ut
Eg likar best å springa ganske langt, spring kanskje ikkje så fort men eg kjem alltid fram dit eg skal. Når eg spring øver eg på å halda ut. Det å halda ut når eg spring ti kilometer eller meir er som å skriva ein roman, då er det også viktig å halda ut. På same måte som ingen kan springa dei ti kilometrane for meg, kan ingen skriva boka for meg heller. Og på same måte som eg blir sterkare for kvar gong eg spring, blir eg også sterkare for kvar bok.
Det lengste er har sprunge var halvmaraton. Det er litt over 21 kilometer. Mot slutten av løpet hadde eg mest lyst til å dø, ikkje bokstavlig talt altså. Bokstavlig talt har eg alltid berre lyst til å leva. Det er meir rett å seia at eg var så sliten at eg tenkte litt på å gi opp, bryta løpet, men likevel klarte eg å pressa meg til ein spurt heilt på slutten. Eg begynner å synast at det er litt puslete at eg ikkje har sprunge eit heilt maraton, samtidig som tanken på å springa over 42 kilometer er ganske absurd. Dessutan så likar eg best å springa åleine i skogen.
Å løfta tungt
Når eg løftar tunge vekter kjenner eg meg litt tøff. Eg treng å føla meg tøff i blant. Når ein er på helsestudio og løftar tungt er det for eksempel heilt ok å brøla litt. Dei dagane eg har løfta litt og brølt litt, så skriv eg ekstra godt.

Som forfattar så sit ein ganske mykje i ro og då kan ein få vond rygg, vonde skuldrar, musearm og alskens styggedom. Eg likar ikkje å ha smerter, så derfor løftar eg og brølar eg.
Det er helse i kvart brøl.
Dette er kanskje litt pinlig å innrømma, men eg drikk meir proteindrikk enn vin i løpet av eit år. Eller, når eg tenker meg om, så er det ikkje pinlig å drikka meir proteindrikk enn vin. Ikkje i det heile.
Men nokon dagar går eg berre tur
Under forfattarsleppet i Bergen i år var eg og høyrte på mange andre fine forfattarar. Ein forfattar eg likar godt er Hans Sande. Han fortalte om boka si Pappa er sjørøvar. Det har forresten blitt litt bråk kring den boka. Du kan lesa om bråket hos NRK. Kanskje grunnen til at eg likar Hans Sande som forfattar er at det av og til blir bråk av hans bøker? Nok om det. Det han sa, som eg beit meg merke i, var at han får dei beste ideane sine når han går i skogen. At det er nesten sånn at han kan kalla seg skogsarbeidar. Det er litt sånn med meg også, eg får veldig mange gode idear når eg går på tur. Det å gå på tur, er derfor også ein viktig del av forfattarjobben.
Eg får mine beste idear når eg trenar eller går tur, når får du dine beste idear?

På Lidingö, som er min favoritturplass, har dei sett opp treningsapparat i skogen. Det likar eg godt, og når eg er på tur med for eksempel min nye venn Bessie (som er ein hund), så kan eg trena litt styrke. Sidan dette er naturreservat så kan ein ikkje nett begynna å hogga ned tre og sånn for å løfta på dei. Eg trur ikkje det er passande å brøla der heller, for då kan dei veldig små hundane som går på tur der bli redde.
PS: Eg er elendig i all ballidrett, dans, aerobic samt turn og alle typar kampsport. Eg er også elendig til å gå på ski, men i vinter er planen å gjera noko med det. Alle typar nedoverski er eg for feig til å prøva, eg likar ikkje å detta og slå meg.
[Your Name Here]
Snakk litt med beveren, - han er den flittigaste i natureservatet:-)


Hans Sande,
Trening,
halvmaraton,
idear,
springe,
styrke,
turar i skog og mark in
Arbeidsstova,
Skrivetips