Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


Entries in Ingelin Røssland (5)

onsdag
mai162012

Arbeidsstova: Ny tittel, nye kapittel men same historie

Den gamle tittelen var så poetisk og fin; "Kirsebærsnø"... Vondt å sleppa den, men den nye tittelen føler eg likevel er meir rett. "Eg elska deg mest".

Ein skal vera trygg og sterk for å vera den som elskar mest i eit forhold, sidan det ofte (i alle fall i umodne forhold) er den som elskar minst som sit med makta.

Og så trengte eg seks kapittel før eg kom til det som var starten på romanen i utgangspunktet. Denne innsikten kom etter hjelp frå Salongen.

Salongen?

Det er rett og slett fire forfattarar som møtest jamnleg og snakkar om tekst og dei prosjekta me jobbar med for tida. Ein får gode innspel frå kollegaer. Av og til treng teksten førstehjelp, då er Salongen god å ha. Det passar ikkje for alle å opna skriveprosessen for andre, men for meg er det gull verd.

Oppmuntring, innspel og ikkje minst MOTSTAND frå andre er viktig, og det er ikkje eit nederlag å spørja om hjelp.

Og ein annan ting: Det å gi andre oppmuntring og innspel på tekst, kan også vera med på å løysa knutar i eige hovud. Ein skal ikkje vera redd for å gi av seg sjølv så mykje som overhode mulig.

Eg har med andre ord ikkje berre fått eit teikn men fleire.

SÅ TUSEN TAKK FOR ALLE INNSPEL OG MUNTRE TILROP HER PÅ BLOGGEN OG PÅ FACEBOOK. For ikkje å snakka om min fantastike redaktør Kjersti Instefjord på Samlaget. De har alle forgylla min skriveprosess.

(Foto: Joar EM Klette)

 

 

onsdag
nov302011

Arbeidsstova: Sweet deadline!

På eit tidspunkt må grubleria på det perfekte plott slutta, og det som må til er å gi gass. Du må faktisk setta deg ned og skriva den der boka, ord for ord. No er eg så heldig å ha eit forlag og ein redaktør, som held meg ganske stramt i nakken og gir meg deadline. Men viss du ikkje har nokon redaktør, så må du gi deg sjølv ein tidsfrist og gjerne fortelja det til ein venn som kan passa på at du held tida. At du faktisk fullfører.

Din nye venn: eggeuret!

Det å setta på ein alarm på telefonen eller å bruka eit god gammaldags eggeur er som sagt mitt beste tips. (Dei fargeglade dingsane på bilete er forresten frå Jysk viss du kjente at du fekk lyst på eit sånt eggeur.) Eg har lese ein plass at 45 minutt er perfekt, det er omtrent så lenge ein klarar å konsentrera seg om gangen. No kan det sjølvsagt henda at du vil oppleva å koma i flyt. Det vil seia at dei 45 minutta fyk av garde og at du ikkje har lyst å ta pause. Vel, då er det berre til å flyta vidare i skrivinga. Tidtakaruret er mest meint for å gi deg det der vesle puffet.

 

Trenar

Redaktøren på forlaget er på mange måtar min personlige trenar i skrivinga. Ho heiar på meg under vegs, kjem med gode tips men set også strenge krav. "75 sider til 8. desember", har redaktør-Kjersti sagt. Då er det berre for meg å levera. Viss du ikkje har ein redaktør enno, så kan du skaffa same gode støtte frå ein venn. Fortel at du er i gang med å skriva ei bok, set deg eit realistisk mål og be om muntre tilrop på vegen. Pass på at det er nokon som er passe streng og som vil deg vel.

"Eit mål er ein draum med ein deadline"

Napoleon Hill

Realistiske mål er viktig. Med det meiner eg ikkje at du ikkje skal utfordra deg sjølv, men at du skal setta deg mål som du verkelig trur du kan nå. Kor mange sider trur du at du greier for dagen, i veka, i månaden? Viss du delar skrivinga opp i etappar blir det også enklare. Å skriva bok kan på mange måtar minna om å legga opp ei fjellvandring eller å springa maraton. Du kan planlegga til du blir blå i trynet, men når alt kjem til alt så er det berre om du gjennomfører eller ikkje som tel.

Viss du har andre gode tips for å få fart på skrivinga så blir eg hjartans takknemlig. Eg har som sagt snart deadline, og tek i mot alle puff i ryggen med den største takk!

onsdag
aug242011

Bak bøkene: Ingelin Røssland

Dagen der på

Bokhausten er i gang. I år gir eg ut boka Minus meg på Cappelen Damm og i den samanheng drog eg til Oslo for å delta i diverse forfattarfestlegheitar! Og i dag er det dagen der på. Ingen skandalar på meg, i videoen får du vita løyndomen bak eit skandalefritt forfattarliv.

                   

Til venstre: Eg les og fortel frå Minus meg under pressekonferansen. Til høgre: På fest med kjekke og fine folk. (Foto: Cappelen Damm)

 

Pressekonferansen blei direktesendt på nett. I løpet av dagen i dag vil det også vera mulig å sjå den i opptak.Har høyrt rykte om at lenke skal leggast ut her:

Ting er på gang

Sjølv om det enno er nokre veker til eg endelig får den ferdige boka mellom hendene, så har alt kjekke ting begynt å skje. Minus meg er nominert til Arks barnebokpris 2011.
Dette er dei andre nominerte:

Mari Moen Holsve: Halvgudene (Cappelen Damm)
Arne Svingen: Litt av en plan (Gyldendal)
Jan Tore Noreng: Dødens skole (Gyldendal)
Jo Nesbø: Doktor Proktor og verdens undergang, kanskje (Aschehoug)
Som de ser er dette ei sterk liste, så det er ei ære å bli nominert i så fint selskap!
Les meir om Minus meg.


Det var også fint å lesa følgjande i Klassekampen i dag: Som vanlig har Cappelen Damm en rikholdig høstliste for barn og ungdom. Hele 145 titler kommer ut i løpet av året, og blant dem det knyttes størst forventninger til, er Ingelin Røsslands "Minus meg".

Nye prosjekt

Neste veke blir det ikkje "Bak bøken" for då er det klart for første bloggpost i Arbeidsstova. Det betyr at ein bevegar seg enno djupare inn i sjølve arbeidet med å skriva bok. Tema neste veke er noko eg er svært oppteken av, nemlig språk.

PS: Og viss de ikkje skjønte det ut i frå videoen: nøkkelen til eit skandalefritt forfattarliv er å gå heim og legga seg lenge før det er snakk om nachspiel.

tirsdag
jul052011

Bak bøkene: God sommar!

Eg nyt sommaren, men gler meg alt til hausten!

 

Bak bøkene tar pause til august, men eg lovar mange fine gjester og spanande tema til hausten ein gong!

Og er det noko spesielt DU ønskjer skal vera tema i Bak bøkene, så er det berre å ropa ut (altså bruk kommentarfeltet). Det same gjeld for det nye prosjektet Arbeidsstova, der det blir lengre videoar som gir meir konkrete og grundige skrivetips.

Tema for Arbeidsstova vil mellom anna vera idéutvikling, korleis disiplinera seg så boka faktisk blir skrive? dramaturgi, språk, kva er ei god historie? god start, tema, konflikt og mykje meir.

Det å snakka om å skriva og få andre til å prestera sitt beste er noko av det eg elskar mest utanom å skriva bøker sjølv, så eg gler meg vilt til å starta Arbeidsstova.

Under er ein video frå då eg var skrivelærar under littkrit 2009 i Aurland, veldig ”speeda” og engasjert:

og her er kva deltakarane meinte om littkrit 2009:

Eg vil også i denne nye videobloggserien dra nytte av forfattarkollegaer som ikkje berre er råbra til å skriva sjølv, men også til å  læra og inspirera andre til skriving.

Bokhausten nermar seg!

Før eg tok ferie blei eg endelig ferdig med manuset på Minus meg, romanen kjem ut til hausten på Cappelen Damm. Og min supereffektive og fantastiske redaktør har god tru på at boka vil vera klar alt 1. september:

    – Hvem er du?
    – Jeg er den som skal følge deg hjem, sier Njål og strekker ut hånden. Denne gangen tar Linda imot den, og han drar henne opp på beina.
      – Så kald du er, sier Linda og drar hånden til seg igjen.
      – Det er februar, flirer han.

 

Midt i et stup stopper Lindas hjerte. Den mystiske Njål får det i gang igjen, og Linda skjønner at hun har ting hun må ordne opp i. I tilfelle hun skulle dø en gang til.

 

GOD SOMMAR!

mandag
mai092011

Bak bøkene: Ingunn Aamodt

Å tenka målgruppe, eller ikkje. Det er spørsmålet.

Bak bøkene: Ingunn Aamodt from Ingelin Rossland on Vimeo.

 

Forfattaren, Ingunn Aamodt, har i alle fall hatt stor suksess med å vera tydelig på kven bøkene hennar er meint for. Laaaangt over 100 000 selde Pulverheksbøker, Arks barnebokpris for grøssarboka ”Dukken” og no suksessen med Marlena Evensen burde vera bevis nok.


Her er nokre av bøkene frå Ingunn Aamodt sin imponerande produksjon. Marlena Evensen har ein eigen blogg, og du finn meir ut om Ingunn Aamodt på hennar heimeside.

Då eg skreiv den første boka mi, Viss du vil, kjente eg meg langt heva over det å tenka på målgruppe. Eg var ein skikkelig snobb. Resultat: gode kritikkar, men boka selde next to nothing.

Mi erfaring kan oppsummerast  sånn:

Viss du prøver å treffa alle, så treff du ingen.

 

Så kva tenker du om målgruppe? Er det lurt å tenka på kven ein skriv for, eller er det noko skikkelige forfattarar ikkje bør forureina kunsten sin med?


Neste gjest i Bak bøkene kom for 20 år sidan ut med ei undrande og filosofisk bok. Boka tok store delar av verda med storm og begeistrar framleis nye lesarar. Kan du gjetta kven gjesten er?