Bak bøkene: Gunnar Ardelius
mandag, mai 23, 2011 at 7:18AM Treng menn kjærleiksbøker?
Svenske Gunnar Ardelius debuterte i 2006 med romanen ” Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt”. Ei vakker og sår skildring av ung maskulin kjærleik. For denne boka vann han Slangbellan og blei nominert til den høgthengande Augustprisen for beste barne- og ungdomsbok. Boka blei omsett til fleire språk, mellom anna norsk, fransk, tysk og den kom til og med ut i USA.
I bok nummer to heldt Ardelius fram å skriva om kjærleiken i ”Når du sover, kikker jeg” og i 2010 kom bok nummer tre med kjærleik som tema. Boka heiter ”Bara kärlek kan krossa ditt hjärta”. Gunnar knuser myta om at menn berre er opptekne av tøffe og harde ting. Gutar og menn treng så klart kjærleik og kjærleiksromanar, meiner Gunnar.
Kva meiner du?
Har Gunnar Ardelius rett, er menn eigentlig like romantiske som kvinner?
Er det for få kjærleiksbøker for menn?
Den tredje boka til Gunnar er enno ikkje ute på norsk, men den er på veg og vil koma ut på Aschehoug forlag som dei to førre bøkene. Eg kan røpa at eg har fått det ærefulle oppdraget å omsetta boka til norsk. Eit arbeid eg gler meg noko heilt vanvittig til å ta fatt på.
Du kan lesa meir om Gunnar Ardelius her.
Du kan lesa kritikk av boka hans i Göteborgs-Posten.
Og her er kva Aftenposten skreiv om debutboka.
I neste episode av Bak bøkene skal det handla om arv og miljø. Gjesten kjem frå ein av Noregs mest omfangsrike forfattarfamiliar. Då eg spurte kor mange forfattarar dei eigentlig var i familien, kunne ho ikkje svara nøyaktig på det sjølv ein gong. Kan du gjetta kven gjesten er, eller i det minste kva kjent etternamn ho har?
PS: Gunnar Ardelius er forresten i nær familie med forfattaren Lars Ardelius.