Bak bøkene: Malin Isaksson
søndag, juni 12, 2011 at 8:11PM Interaktiv forfattar
For den svenske forfattaren Malin Isaksson er ikkje arbeidet med ei bok over når den er utgitt. Ho vil at prosessen skal halda fram i møte med lesaren. Vil lesaren ha ein ny slutt, så kan han eller ho berre skriva ein ny slutt sjølv. Sidan Isaksson også jobbar mykje som skrivelærar, er ho nesten like oppteken av å inspirera andre til å skapa som å skriva sjølv. Ho vil vekka ”språklust och ordhunger”!
I vår kom Isaksson ut med si fjerde bok etter debutten i 1995, boka heiter Isnätterna og handlar om søsterskap og framtidsangst. Fram mot lanseringa let Malin ungdommar få lesa manus og gjera sine eigne tolkingar både gjennom musikk og eigne tekstar.
Sjekk ut soundtracket til boka Jennifer og Alva i bandet Cardiac Arrest har skrive låten og det er også dei som syng og framfører den. Tøft!
I etterkant av sist romanutgjeving Rör vid mig, intervjua Malin Isaksson (den fiktive) hovudpersonen i romanen. Høyr intervjuet med Ann i Rör vid mig.
Viss du kunne få intervjua ein person frå ei bok du har lese, kven ville du ha prata med då?
Malin Isaksson sine bøker er enno ikkje utgitt på norsk, men du kan i mellomtida lesa dei på svensk. Finn meir ut om forfattaren og bøkene på heimesidene hennar.
Neste veke er det norsk gjest igjen. Det er ein debutant som har skrive ei tjukk bok som passar bra som sommarlesing og set dine fordommar om hestebøker på prøve…
Isnätterna,
Malin Isaksson,
forfattar,
skrivetips in
Bak bøkene,
Forfattarar,
Skrivetips