Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


Entries in Minus meg (3)

onsdag
aug242011

Bak bøkene: Ingelin Røssland

Dagen der på

Bokhausten er i gang. I år gir eg ut boka Minus meg på Cappelen Damm og i den samanheng drog eg til Oslo for å delta i diverse forfattarfestlegheitar! Og i dag er det dagen der på. Ingen skandalar på meg, i videoen får du vita løyndomen bak eit skandalefritt forfattarliv.

                   

Til venstre: Eg les og fortel frå Minus meg under pressekonferansen. Til høgre: På fest med kjekke og fine folk. (Foto: Cappelen Damm)

 

Pressekonferansen blei direktesendt på nett. I løpet av dagen i dag vil det også vera mulig å sjå den i opptak.Har høyrt rykte om at lenke skal leggast ut her:

Ting er på gang

Sjølv om det enno er nokre veker til eg endelig får den ferdige boka mellom hendene, så har alt kjekke ting begynt å skje. Minus meg er nominert til Arks barnebokpris 2011.
Dette er dei andre nominerte:

Mari Moen Holsve: Halvgudene (Cappelen Damm)
Arne Svingen: Litt av en plan (Gyldendal)
Jan Tore Noreng: Dødens skole (Gyldendal)
Jo Nesbø: Doktor Proktor og verdens undergang, kanskje (Aschehoug)
Som de ser er dette ei sterk liste, så det er ei ære å bli nominert i så fint selskap!
Les meir om Minus meg.


Det var også fint å lesa følgjande i Klassekampen i dag: Som vanlig har Cappelen Damm en rikholdig høstliste for barn og ungdom. Hele 145 titler kommer ut i løpet av året, og blant dem det knyttes størst forventninger til, er Ingelin Røsslands "Minus meg".

Nye prosjekt

Neste veke blir det ikkje "Bak bøken" for då er det klart for første bloggpost i Arbeidsstova. Det betyr at ein bevegar seg enno djupare inn i sjølve arbeidet med å skriva bok. Tema neste veke er noko eg er svært oppteken av, nemlig språk.

PS: Og viss de ikkje skjønte det ut i frå videoen: nøkkelen til eit skandalefritt forfattarliv er å gå heim og legga seg lenge før det er snakk om nachspiel.

søndag
aug142011

Bak bøkene: Johanna Lindbäck

Skal, skal ikkje...

Ja, kva skal ein gjera når ein har skrive fleire bøker, berre vil skriva men samtidig har ein fast og trygg jobb? Er det i det heile forsvarlig å satsa på forfattaryrket? For den svenske forfattaren, Johanna Lindbäck, blei skrivesuget for stort. Ho tok permisjon våren 2011 for å smaka på livet som heiltidsforfattar.

Kva trur du? Kjem Johanna til å gå tilbake til lærarjobben eller halda fram som heiltidsforfattar?


 Svaret på dette spørsmålet får både du og eg seinare denne veka. Onsdag er det nemlig lansering for Johannas seinaste bok Välkommen hem. Eg kjem til å vera på Strand (hip uteplass ved Hornstull i Stockholm)  og stilla henne spørsmålet ”Kva no, Johanna?”  Så følg med på torsdag morgon, viss du er nyfiken på svaret.

Johanna Lindbäck kjem altså i haust ut med si femte bok, Välkommen hem. Les meir om forfattaren og bøkene hennar på Wikipedia, eller besøk forfattaren sin blogg. På bloggen er det er ein del aktivitet for tida, og det er jo kjekt med bloggar der det skjer saker og ting. Johanna Lindbäck er også ei av kvinnene bak den populære og anerkjente bokbloggen bokhora. Dette er ein blogg alle med interesse for bøker bør besøka titt og ofte.

Vel, dette var alt om Johanna Lindbäck så langt, men følg med på torsdag morgon viss du er nyfiken på korleis det gjekk på lanseringa av Välkommen hem og lurer på om Johanna går tilbake til lærarjobben sin, eller held fram som heiltidsforfattar.

 

I mellomtida kan du kosa deg med denne bokvideoen:

 

 

og prøvelesa eit utdrag frå boka:

Provläs Välkommen hem av Johanna Lindbäck

Johanna Lindbäck sine bøker er enno ikkje omsett til norsk. Men viss eit forlag skulle vera interessert i det, så kan eg godt gjera den jobben, altså.

Eg har sjølv bok denne hausten. Boka heiter Minus meg og blir lansert 23. august i samband med Cappelen Damm sin haustpressekonferanse. Eg gler meg vilt til å reisa til pressekonferansen i Oslo og lesa frå boka. Har fått TO minutt. Så neste veke er eg min eigen gjest i Bak bøkene!

 

 

tirsdag
jul052011

Bak bøkene: God sommar!

Eg nyt sommaren, men gler meg alt til hausten!

 

Bak bøkene tar pause til august, men eg lovar mange fine gjester og spanande tema til hausten ein gong!

Og er det noko spesielt DU ønskjer skal vera tema i Bak bøkene, så er det berre å ropa ut (altså bruk kommentarfeltet). Det same gjeld for det nye prosjektet Arbeidsstova, der det blir lengre videoar som gir meir konkrete og grundige skrivetips.

Tema for Arbeidsstova vil mellom anna vera idéutvikling, korleis disiplinera seg så boka faktisk blir skrive? dramaturgi, språk, kva er ei god historie? god start, tema, konflikt og mykje meir.

Det å snakka om å skriva og få andre til å prestera sitt beste er noko av det eg elskar mest utanom å skriva bøker sjølv, så eg gler meg vilt til å starta Arbeidsstova.

Under er ein video frå då eg var skrivelærar under littkrit 2009 i Aurland, veldig ”speeda” og engasjert:

og her er kva deltakarane meinte om littkrit 2009:

Eg vil også i denne nye videobloggserien dra nytte av forfattarkollegaer som ikkje berre er råbra til å skriva sjølv, men også til å  læra og inspirera andre til skriving.

Bokhausten nermar seg!

Før eg tok ferie blei eg endelig ferdig med manuset på Minus meg, romanen kjem ut til hausten på Cappelen Damm. Og min supereffektive og fantastiske redaktør har god tru på at boka vil vera klar alt 1. september:

    – Hvem er du?
    – Jeg er den som skal følge deg hjem, sier Njål og strekker ut hånden. Denne gangen tar Linda imot den, og han drar henne opp på beina.
      – Så kald du er, sier Linda og drar hånden til seg igjen.
      – Det er februar, flirer han.

 

Midt i et stup stopper Lindas hjerte. Den mystiske Njål får det i gang igjen, og Linda skjønner at hun har ting hun må ordne opp i. I tilfelle hun skulle dø en gang til.

 

GOD SOMMAR!