Arbeidsstova: Sweet deadline!
onsdag, november 30, 2011 at 2:33PM På eit tidspunkt må grubleria på det perfekte plott slutta, og det som må til er å gi gass. Du må faktisk setta deg ned og skriva den der boka, ord for ord. No er eg så heldig å ha eit forlag og ein redaktør, som held meg ganske stramt i nakken og gir meg deadline. Men viss du ikkje har nokon redaktør, så må du gi deg sjølv ein tidsfrist og gjerne fortelja det til ein venn som kan passa på at du held tida. At du faktisk fullfører.
Din nye venn: eggeuret!
Det å setta på ein alarm på telefonen eller å bruka eit god gammaldags eggeur er som sagt mitt beste tips. (Dei fargeglade dingsane på bilete er forresten frå Jysk viss du kjente at du fekk lyst på eit sånt eggeur.) Eg har lese ein plass at 45 minutt er perfekt, det er omtrent så lenge ein klarar å konsentrera seg om gangen. No kan det sjølvsagt henda at du vil oppleva å koma i flyt. Det vil seia at dei 45 minutta fyk av garde og at du ikkje har lyst å ta pause. Vel, då er det berre til å flyta vidare i skrivinga. Tidtakaruret er mest meint for å gi deg det der vesle puffet.
Trenar
Redaktøren på forlaget er på mange måtar min personlige trenar i skrivinga. Ho heiar på meg under vegs, kjem med gode tips men set også strenge krav. "75 sider til 8. desember", har redaktør-Kjersti sagt. Då er det berre for meg å levera. Viss du ikkje har ein redaktør enno, så kan du skaffa same gode støtte frå ein venn. Fortel at du er i gang med å skriva ei bok, set deg eit realistisk mål og be om muntre tilrop på vegen. Pass på at det er nokon som er passe streng og som vil deg vel.
"Eit mål er ein draum med ein deadline"
Realistiske mål er viktig. Med det meiner eg ikkje at du ikkje skal utfordra deg sjølv, men at du skal setta deg mål som du verkelig trur du kan nå. Kor mange sider trur du at du greier for dagen, i veka, i månaden? Viss du delar skrivinga opp i etappar blir det også enklare. Å skriva bok kan på mange måtar minna om å legga opp ei fjellvandring eller å springa maraton. Du kan planlegga til du blir blå i trynet, men når alt kjem til alt så er det berre om du gjennomfører eller ikkje som tel.
Viss du har andre gode tips for å få fart på skrivinga så blir eg hjartans takknemlig. Eg har som sagt snart deadline, og tek i mot alle puff i ryggen med den største takk!
Arbeidsstova,
Ingelin Røssland,
motivasjon,
skrivetips in
Arbeidsstova,
Skrivetips