Arbeidsstova: Skildring
mandag, september 12, 2011 at 3:44PM Det å kunna skildra relevant og med presisjon, handlar mykje om å vera oppmerksom. Fekk du med deg den endringa som skjedde undervegs i dette filmklippet?
Novella av Bjarte Breiteig som eg refererer til er i alle fall å finna i boka Surrogater frå 2000. Sjølv om Breiteig faktisk skildrar ganske mykje i denne novella så opplever ein teksten som både presis og knapp. Det er fordi han skildrar med omhug, noko eg synest alle burde gjera. Men dette er jo eit spørsmål om smak.
Viss du skildrar berre for å skildra, kan du vera sikker på at lesaren oppdagar det. Skildringar kan krydra ein tekst sånn at den blir betre, men for mykje eller feil krydder drep heile teksten.
Eksempel:
Per står opp 1:
Med søvnig hand slår Per etter den irriterande vekkarklokka som vekker han alt for tidlig. Han ligg stille ei stund før han løftar dundyna med det raude trekket. Trekket har også små grøne lauv på og fuglar i lilla. Ved sida av han i senga ligg kona og snorkar høgt. Han svingar beina ut på det grå golvet som er kaldt. Halvt i blinde leitar han med tærne etter dei brune tøflane. Han reiser seg og grip etter den blå morgonkåpa i frotté som heng over den kvite malingsflassa pinnestolen. Per tek på seg morgonkåpa, går mot den kvitmåla døra, opnar den så stille han kan. Det knirkar då han går over dørstokken. Snorkinga frå kona stansar.
Ja, du har kanskje skjøna teikninga? Dette er ganske så dårlig, og eigentlig får ein ikkje vita noko som helst om denne Per. Skildringa er tom.
Per står opp 2:
Då er det din tur å skildra Per sin morgon.
Dette er nokre ting som er viktig å tenka på:
Kvifor skal du skildra nett denne morgonen?
Kva er det du vil seia om Per med å skildra nett denne morgonen?
Kva fortel denne skildringa om forholdet Per har til kona si?
Sjå, føl, smak og lukt på denne brokkolien
Eg veit ikkje om du har vore bort i øvingar for å læra deg å skildra? La oss seia at du får utdelt ein brokkoli og meininga er at du skal skildra den så originalt og levande du berre kan. Å sjå, føla på eller å snusa inn brokkoli er ikkje heilt normal oppførsel. Så med mindre du vil skildra ein person som er gartnar, ikkje har sett mat på fjorten dagar eller rett og slett er gal, så er mitt råd at du skal la brokkolien vera i fred. I dei fleste tilfeller held det å konstatera at det er ein brokkoli, ferdig med det.
Ver til stades i teksten din
For meg handlar skildringar om å vera til stades i teksten. Eg lever meg inn i det som skjer og personane eg skriv om. Skildring er berre eit av verktøya eg brukar får å få fram det eg vil. Det viktigaste er historia eg vil fortelja. Eg er forfattar fordi eg likar å fortelja historier, ikkje fordi eg er glad å skildra.
Utfordring til deg:

Eit bilete fortel meir enn tusen ord, men eit bilete kan også vera det som set deg i gong til å laga ei lita forteljing. Gjerne med skildringar og rikt språk.
Dette bilete har tittelen brudepike på rømmen, gøymer det seg ei historie her kanskje?
Viss ikkje dette bilete får deg til å koma på ei historie, så kan du til neste arbeidsstove trena på å laga små personskildringar som den om Per (berre betre enn det eksempelet eg laga, så klart). Tenk deg at det er hovudpersonen i ein roman eller ei novelle som du gjennom denne skildringa skal etablera.
Det å setta ein karakter gjennom nokre få presise setningar er ein kunst, så det er berre å setta i gong å øva.
Premiar:
Sist veke lova eg bokpremiar til den som skreiv best om ei bok eller ein forfattar dei likte. Eg fekk inn to svar og likte begge så godt at det blir bok både til Bente og Roy.
Så då treng eg berre postadresse, og så blir bøkene sendt i posten! Bente og Roy, send meg ei melding via facebook eller twitter med adresse.
Og så heilt til slutt, det går an å laga fine ting utan å skildra. Dette klippet har fått meg til å grina, heilt sant...
Arbeidsstova,
Bjarte Breiteig,
Jon Fosse,
novelle,
skildring,
skrivetips in
Arbeidsstova,
Skrivetips