Arbeidsstova: Bjørn Sortland snakkar om skrivekurs og KISS
søndag, oktober 23, 2011 at 12:21PM Når du har skrive ei stund for deg sjølv, blir du kanskje sugen på å læra meir og kanskje gå på eit skrivekurs. Men er det vits i å gå på eit skrivekurs? Kva kan du læra der? Forfattaren Bjørn Sortland er gjest i ”Arbeidsstova” han held mange skrivekurs, og har nokre av svara på kva du bør gjera viss du drøymer om å gi ut ei bok.
Det er altså berre til å setja i gong å skriva. For å skriva så må du skriva, ikkje berre tenka på at du skal gjera det.
Gå hardt ut og auk på!
Skriv og ikkje tenk på at alle andre er så geniale, for det er dei i dei fleste tilfelle ikkje. Skriving handlar også mykje om å halda ut, dei der einsame morgonane, dagane eller kveldsstundene når ingen ser at du skriv. Ingen står langs løypa og heiar deg fram. Det er i den mørke skogen heilt åleine at du må få kontroll på den vesle stemma inni deg. Sørga for at mantraet er: Eg skal greia det, eg skal greia det. Det er nok av velmeinande folk blant venner og familie som vil fortelja deg at du ikkje kan greia det. At du ikkje skal setta deg for høge mål og leva ut draumen din.
Så no veit du at du kan greia det. Du har superkvinne (eller mann) krefter i deg som du enno ikkje er klar over. Bjørn har sagt at du skal gå hardt ut og auka på.
Alt du treng då er vel ei oppgåve?
Oppgåve:
(dikt/novelle/skildring)
Første gong på skuledans og du er dødelig forelska i den finaste guten/jenta. Lysa blir dempa, musikken skiftar tempo. Det er klart for slow (på Tysnes kalla klinedans).
Vil du gå på skrivekurs?
Viss du etter dette får lyst til på å gå på skrivekurs så kan du følgja med på forfattersentrum sine sider. Eller viss du klarar å samla saman ein gjeng kan du arrangera ditt eige skrivekurs, då kan du også ta kontakt med forfattersentrum og spørja om for eksempel Bjørn eller eg eller ein annan forfattar kan koma og halda kurset.
Skrivekunstakademiet i Bergen arrangerer også skrivekurs i blant.
Nominert til gild litteraturpris!
Bjørn Sortland er i desse dagar aktuell som ein av nominerte til ALMA. ALMA-prisen blir delt ut i mai eller begynnelsen av juni kvart år, og prissummen på 5 millionar svenske kroner gjer den til den største pengeprisen for barne- og ungdomslitteratur og verdens nest største litteraturpris.
Så hurra for Bjørn Sortland og dei andre norske nominerte som er: Gro Dahle, Harald Rosenløw Eeg, Fam Ekman, Stian Hole, Rangar Hovland, Gry Moursund, Svein Nyhus og Øyvind Torseter!
Så var det oppgåva ja...
Viss du har problem med å koma i gang, så kan alltids musikk hjelpa deg til å koma i rett modus. Og kva kan passa betre enn KISS? (Ja, eg veit at dette ikkje er ein klinelåt)
PS: Kva er ditt beste skrivetips? Eller har du vore på eit særlig inspirerande skrivekurs? Ja, så del det med oss andre, då vel! Og viss du er forfattar som held skrivekurs, ikkje ver blyg: Fortel om kva me kan læra på kurs hos deg:-)