Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland. Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips. Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene. Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.
Eg nærmar meg deadline (og ligg langt etter det som i utgangspunktet var planen), derfor deler eg eit intervju i Bak bøkene som eg har funne på nett. Men på den andre sida, når ville eg kunne fått Stephen King og Audrey Niffenegger på tomannshand? For meg var dette veldig inspirerande å sjå, for korleis jobbar dei store og bestseljande forfattarane?
Intervjuet er henta frå denne bloggen:
Klikk på bilete eller her for å gå til bloggen, der du også vil finna mykje anna matnyttig stoff.
Og no skal eg gjera nett sånn som desse to?
Nja, eg trur vel ikkje alt det desse to gjer passar for meg, men noko kan eg kjenna meg igjen i. Eg erfarer det at eg blir mindre og mindre avhengig av at ting skal vera på ein spesiell måte når eg skriv. Før måtte eg ha det heilt stille, og helst ikkje prata med nokon på nokre dagar eller veker. No kan eg heldigvis fungera meir som eit normalt menneske sjølv om eg skriv.
Eg har begynt å tenka at alle desse rituala og reglane om korleis eg må ha det for å skriva best mulig, ofte fungerer meir som (dårlige) unnskyldningar for kvifor eg ikkje skriv.
Men det er herlig å kunna sitja heima, og å få ta ein tur ut i naturen saman med hunden uansett vêr. I dag er det eit fantastisk fint vêr, hunden sukkar tungt og skjønar ikkje kvifor me må vera inne, når skogen ventar der ute. Og i skogen er det til og med vatn med høvelig badetemperatur!
Så eg sluttar dette blogginnlegget no og går tilbake til manuset mitt. For er det noko som det blir bok av til slutt, så er det å jobba på jamnt og trutt. Det er i alle fall mi erfaring.
Aina Basso visste tidlig at ho ville skriva, og ho skreiv mykje frå tidlig alder utan heilt å få taket på kva det var ho ville seia. Først då ho begynte å studera historie stod det klart for henne. Ho hadde jo elska å lesa historiske romanar i oppveksten, no hadde ho verktøyet og kunnskapen til å skriva sånne bøker sjølv.
Fantasy er veldig populært for tida, og ein sjanger mange brukar til å fortelja sterke, dramatiske historiar og helst med ein viktig bodskap. Historiske romanar har kanskje ikkje same kommersielle slagkraft, men dei står på ingen måte tilbake for fantasyen når det kjem til dramatikk og viktige tema som også berører notidsmenneske.
På same måte som Aina slukte eg også eit lass historiske romanar i oppveksten, toppa med Sigrid Undset sine bøker om Kristin Lavransdatter i tidlige tenår. Eg visste jo at det ikkje var sant det som stod i bøkene, men eg syntes det var spanande å få eit innblikk i korleis livet kunne ha vore før i tida. Ofte var det sånn at ein nesten kunne sjå si eiga samtid betre i lys av fortida.
BLODIG ALVOR
I sine så langt tre historiske romanar skildrar Aina enkeltmennesket si rolle i ei tid då folk ikkje hadde så mykje det skulle ha sagt i høve til overmakta. Det at ho ikkje fell for freistinga til å laga romantiske sluttar på bøkene sine, gjer at bøkene rører ekstra sterkt. I den første boka Ingen må vitehandlar det om blodskam, i Fange 59. Taterpige om ei ung jente som kjem bort frå følgjet sitt og hamnar på tukthus og i Inn i elden som kom no i vår, er handlinga lagt til hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet. Og det var ingenting romantisk med hekseprosessane.
HAR DU LESE HISTORISKE ROMANAR? OG HAR DU EIN FAVORITT?
Det er langt mellom dei historiske romanane som er skrive for ungdom for tida. Men har du lese Basso og er sugen på fleire gode historier, så er Svart gull av Olav Såtvedt eit hot tips. Her handlar det ikkje om oljeeventyret, men om slavehandel. For var nordmenn heilt uskuldige i dette mørke kapittelet i historia?
Det er sjølvsagt meir å velja mellom når ein kjem til historiske romanar skrive for vaksne. Desse romanane kan også lesast av dei som er litt yngre. Det er jo ikkje aldersgrense på bøker. Heldigvis!
I videoen under fortel Aina Basso om Fange 59. Taterpige:
Oppfinnelsen av Hugo Cabret: Frå ide til bok til film
Dette er andre del av mitt møte med forfattaren Brian Selznick og me snakkar om Oppfinnelsen av Hugo Cabret. Filmen som er basert på boka, har Noregspremiere i dag 16. mars, den har alt vunne ei rekkje prisar mellom anna fem Oscar. Filmen er regissert av Martin Scorsese.
På botnen
Då Brian Selznick starta det omfattande arbeidet med manuset som skulle bli verdsuksessen The invention of Hugo Cabret, hadde han møtt veggen og var nær ved å gi opp. Han hadde ingen idear til eigne bøker, men fekk eit illustratøroppdrag som han blei veldig glad for og sette i gong. Så fekk han den kjipe beskjeden om at han fekk sparken frå oppdraget fordi han ikkje var morosam nok i illustrasjonane sine. Det blei ein tur i kjellaren for Brian Selznick. Han blei både lei seg og deppa og bestemte seg for å ta seks månader fri frå alt og berre lesa. Og då han slapp taket i alt kom ideen til denne boka. Brian fortel at han blei så glad for at han endelig hadde fått ein idé at han gjekk inn i stoffet for fullt. Han tvilte på at nokon ville vera interessert i det han skreiv om, men han kunne ikkje la vera å følgja ideen sin likevel. Opphavlig hadde han tenkt at nokon andre skulle illustrera boka, sidan han ikkje syntes at han var bra nok sjølv. No i ettertid er han glad at han likevel tok sjansen på å gjera det også sjølv.
Vil du vita meir om boka, så kan du klikka på bilete til høgre og koma til ei ganske så fin nettside om boka:
DET ER POPULÆRT Å FILMA BØKER OG OM DETTE ER DET DELTE MEININGAR. KVA TENKER DU OM DET? BOK ELLER FILM?
Filmen har altså premiere i dag 16. mars, og under her er filmtraileren:
Frode Grytten debuterte i 1983 med diktsamlinga Start, men det var først i 1999 med boka Bikubesong at han fekk sitt gjennombrot. Det viktigaste er å vera tålmodig og ikkje gi opp, meiner Frode. Og er det ikkje litt herlig å tenka på, at som forfattar er du kanskje på topp når du er syttitre år? At ein ikkje er perfekt og fullendt ved debuten. Det går faktisk kaldt nedover ryggen min berre ved tanken på at romanen eg debuterte med som 22-åring, skulle vera det beste eg nokosinne ville vera i stand til å levera.
Nettopp det at Frode Grytten heldt så standhaftig på i år etter år før gjennombrotet kom, gjer han til eit førebilete for meg. Det same er Anne B. Ragde, som også jobba knallhardt i mange år, før det endelig var hennar tur å ligga på salstoppen.
Det blir så ofte fokusert på ungdom, at ein skal vera ung og frisk og lovande. At eigentlig har alle tog gått når du nærmar deg 30 år, og etter 50 er du utgått på dato og vel så det. I forfattarbransjen har det tradisjonelt vore annleis.
Kva tenker du? Er debutantbøker eller bøker frå etablerte forfattarar mest spanande å lesa? Er det berre ei myte og eit sjølvbedrag at ein kan forventa seg å bli betre med åra?
Personlig har eg stor sans for fleire eldre forfattarar. Min favorittgamlis er Cormac McCarthy. Kven er din gamlisfavoritt?
Å skriva heilt inn i døden
Eg er også storlig imponert av forfattaren Johannes Heggland, som tilfeldigvis kjem frå same øy som meg (og som er ein halvfjern slektning). Han skreiv bøker heilt inn i det siste. Den siste boka hans Vårherres urtegard var sjette boka i serien Tusen vårar, der han hadde planlagt i alt ti bøker. Han døydde altså litt over midtvegs i sitt siste ambisiøse prosjekt, 89 år gamal.
Og så må ein jo aldri gløyma Mia Berner, som fekk si første diktbok antatt dagen før ho døydde. Boka heiter Et leskur for vinden. For ein verdig og vakker sorti. Denne diktsamlinga ligg alltid på nattbordet mitt.
Klikk på diktet for å lesa fleire utdrag frå boka hos Kolon Forlag.
Då eg var ung, var målet mitt å debutera som 22-åring sånn som Johannes Heggland. Eg nådde det målet. No er målet mitt å halda meg like skrivefør og ambisøs heilt inn i det siste. Og som Frode Grytten vil eg gjerne rocka ved 73-årsalderen!
(Og etter denne videoen så kanskje du også får nokre grunnar til å elska det?)
29. februar var eg så heldig å få vera tilstades på Cappelen Damm då Brian Selznick, forfattaren bak bøker som Oppfinnelsen av Hugo Cabret og Himmelfallen, gjesta Oslo for å snakka om sine bøker og om korleis han jobbar. Det som er slåande med Brians bøker, er at dei i tillegg til å vera ei god og spanande historie også byr på så mykje kunnskap og detaljar. Etter å ha lese ei bok av Brian Selznick så har du garantert fått vita noko du ikkje visste før. Å få innblikk i korleis han jobbar var derfor svært fascinerande, særlig for ein forfattar som meg som nesten ikkje gjer research.
Som 99% av alle andre forfattarar som skriv for barn og ungdom, så er også Brian Selznick kjenneteikna ved å vera utrulig hyggelig og spanande å prata med. Vi kom inn på fleire tema enn dei som er med i den vesle videosnutten over.
Om å vera nysgjerrig
Noko av grunnen til at Brian gjer så mykje research er at han er nysgjerrig. Han trur at det er felles for alle forfattarar når alt kjem til alt, om ein no er nyfiken på noko som veks ut av eigne erfaringar eller at ein er fasinert av eit tema. Det er kanskje også sånn at det er denne nysgjerrigheita som vekker begeistring også hos lesaren. Reint ytre sett dreiar mykje av handlinga i Oppfinnelsen av Hugo Cabret seg om stumfilm, kven skulle tru at det skulle bli ein hit? I Himmelfallen føregår mykje av handlinga på naturhistorisk museum i New York og begge hovudpersonane er døve og på den måten handlar det også om døvespråk, noko som ein heller ikkje tenkjer er oppskrifta på ein bestseljar. Brian fortel at han i byrjinga av begge desse bokprosjekta tenkte at dette nok ikkje kom til å slå an. Samtidig så visste han det, at viss han klarte å formidla kor viktig stumfilm var for Hugo Cabret, så ville det bli viktig for lesaren også. Det handlar om å la ting stå på spel. Brian seier at forteljinga om Hugo Cabret også er ei bok om bøker og kor viktig bøker er.
KVA TENKER DU OM RESEARCH I BØKER? KAN DET I VISSE TILFELLE BLI FOR MYKJE? FÅR FORFATTARAR SOM BRIAN SELZNICK NERDEALARMEN TIL Å GÅ, ELLER ER DET BERRE HERLIG AT FORFATTARAR GÅR SÅ TIL DEI GRADER INN I STOFFET SITT?
Viss du vil høyra og sjå Brian Selznick fortelja meir om sine bøker, så vil eg anbefala desse videosnuttane på nettstaden til Readingrockets. Readingrockets har som mål å læra barn å lesa og å hjelpa dei barna som slit med å knekka lesekoden. Ein ting som er veldig bra med Oppfinnelsen av Hugo Cabret og Himmelfallen er nemlig at sjølv om det er veldig tjukke bøker, så er dei samtidig veldig lett å lesa. Bøkene gir med andre ord også lesesvake mestringskjensle! Klikk på bilete for meir Brian!
Maybe I should play more?
I ein av videosnuttane hos Readingrockets fortel Brian om korleis han som barn laga si eiga verd med små troll og figurar som han laga av leire. Eg spurte om det å skriva bøker var å halda fram med denne leiken. Han svarte at sjølv om han elskar å skriva bøker og er veldig takknemlig for at han kan leva av det, så var nok leiken blitt litt borte på vegen.
– Det kjennest veldig mykje som eit arbeid, seier Brian og blir stille ei stund før han held fram. – Men kanskje eg skulle tenke litt på det, å leika meir.
– Men er det ikkje gøy å gjera all den researchen då? Å finna ut av så mange greier?
– Jo, men det kjennest som jobb.
– Som ein skuletur, ekskursjon?
– Ja, heilt klart som det.
Som å gå inn i ei ny verd
Det er vanskelig å forklara det spesielle med Brian sine bøker med ord. Det er ikkje biletbøker, det er ikkje grafiske romanar, det er noko anna. Det er noko for seg sjølv. Starten på Hugo Cabret er som ein stumfilm. Og gjennom heile boka så vekslar historia gjennom å bli fortald med ord og med biletsekvensar.
Legg derfor heilt til slutt med ein boktrailer der Selznick fortel om boka Himmelfallen eller Wonderstruck som den heiter på engelsk, sånn at du kan få eit betre inntrykk av arbeidet hans.
Eg har meir stoff og ein video til frå praten med Brian Selznick. Den legg eg ut 16. mars sidan det er den dagen filmen Hugo Cabret har premiere i Noreg. Filmen har vunne 5 Oscar og er regissert av Martin Scorsese I det videointervjuet pratar vi berre om Hugo Cabret og om korleis boka blei til film. Og kva synest Brian om filmen?
PS: Her har Bokdama@work også blogga om Brian Selznick: