Arbeidsstova: I byrjinga var ordet
søndag, september 4, 2011 at 2:18PM Språk
"Det är svårt att lära ut sådant som känns så självklart." står det i Gunnar Ardelius sin roman "Bara kärlek kan krossa ditt hjärta". Sånn føler eg det når det kjem til språk. Språket er for meg så sjølvsagt, kanskje for sjølvsagt? Men når alt kjem til alt er eg oppteken av språk, har meiningar om språk. Derfor startar Arbeisstova med ordet. Eg skal prøva å læra ut noko om språk, sjølv om det er svårt...
Eg kan ikkje heilt peika på om det var gleda over språket eller forteljargleda som kom først. Men eg huskar ganske tydlig at eg (alt veldig stor i kjeften) som 22-åring sa i eit debutantintervju i BT. At det ikkje hjelper med bra språk viss du ikkje har noko å seia, og samanlikna det med å vifta med ei fin motorsag utan å vera i stand til å fella tre. Tretten år seinare, er eg i grunnen av same oppfatning. Eg elskar bra språk, men det er ikkje nok for å begeistra meg.
Kjensle for språk
Eg er av den oppfatning at vi alle er fødd med meir eller mindre kjensle for språket. Det fins dei som har ei utmerka språkkjensle, men slit litt skriftlig. Bror min fekk kanskje ikkje ein like skinande karakter i norsk som meg, men han har svært kreative munnlege evner. Det er faktisk ofte at hans språk og formuleringar hamnar i mine bøker. Folk har det i kjeften både på mors og farssida av familien, så eg er på mange måtar flaska opp på skrøner og formuleringsglede. Det gjekk som det måtte gå, nokon av oss måtte berre bli forfattar.
Så ta ein pause og tenk, korleis står det til reint språklig i din familie? Eg vil tippa at det eigentlig står ganske bra til. At det finns nokre ordsmedar og skrønemakarar i di slekt også. I så fall er du heldig. Du er trulig velsigna med eit talent du ikkje visste om, og det talentet kan veksa, og veksa seg stort med rett gjødsel!
Rett gjødsel?
Den aller beste gjødsel for ei forfattarspire er bøker, bøker, bøker. Eg vil påstå at ein aldri kan bli overgjødsla. Det er ein fordel om ein les bra bøker, i alle fall inn i mellom. Hjernen, som kroppen elles, blir sløv viss den berre får junkfood som næring. Eg har ingenting i mot kiosklitteratur, så lenge eg slepp å lesa det.
Eg har mange forfattarar og bøker som eg likar.Det har sikkert du også, så her kjem mi første utfordring til deg:
Skriv nokre ord om ei bok eller ein forfattar du likar og kvifor?
Dette er ei veldig nyttig øving, for viss du kan klargjera for deg sjølv kva det er du likar og kvifor, så er du på sporet av korleis du skal skriva sjølv.
Og viss du er modig nok til å posta desse orda på bloggen her, så vankar det premie. Det beste svaret får velja ei av bøkene under.
Eg kan begynna med eit eksempel:
Ei av dei bøke som har gjort sterkast inntrykk på meg er Ingen drittunge lenger av Rune Belsvik. Då eg les, eller faktisk høyrte boka som opplesing, skjøna eg kva bøker eg ville og måtte skriva. Rått, sårt, sant og kjenslevart var møtet med denne boka. Viss du er meir nyfiken på dette møtet, kan du lesa om det på barnebokkritikk.no
Då er det din tur.
Og når du har gjort denne første oppgåva i Arbeidsstova, så kan du kosa deg med filmen under. Er det mulig å ha full oversikt over språket?
