Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


Entries in springe (1)

torsdag
des082011

Arbeidsstova: Stål i bein og armar

– Er du sterk?

Dette spørsmålet fekk eg for ikkje lenge sidan då eg var på skulebesøk i Fusa. På dette spørsmålet kunne eg svara ja, heilt utan å lyga. Det er så klart ein lang veg til eg er like tøff som Rocky Balboa (og til dei som lurer: Ja, eg likar filmane om Rocky), men eg både spring og trenar vekter.

 

Det å vera forfattar er eit stillesittande yrke, derfor treng eg å røra på meg. Eg er så heldig at eg kan bestemma at eg skal få lov til å trena for eksempel midt på dagen. Det er ikkje alltid like fantastisk gøy å tenka på at eg skal ut å springa, spesielt i vinterhalvåret. Derfor tenker eg på treninga som ein viktig del av forfattarjobben.

 

Å halda ut

Eg likar best å springa ganske langt, spring kanskje ikkje så fort men eg kjem alltid fram dit eg skal. Når eg spring øver eg på å halda ut. Det å halda ut når eg spring ti kilometer eller meir er som å skriva ein roman, då er det også viktig å halda ut. På same måte som ingen kan springa dei ti kilometrane for meg, kan ingen skriva boka for meg heller. Og på same måte som eg blir sterkare for kvar gong eg spring, blir eg også sterkare for kvar bok.

Det lengste er har sprunge var halvmaraton. Det er litt over 21 kilometer. Mot slutten av løpet hadde eg mest lyst til å dø, ikkje bokstavlig talt altså. Bokstavlig talt har eg alltid berre lyst til å leva. Det er meir rett å seia at eg var så sliten at eg tenkte litt på å gi opp, bryta løpet, men likevel klarte eg å pressa meg til ein spurt heilt på slutten. Eg begynner å synast at det er litt puslete at eg ikkje har sprunge eit heilt maraton, samtidig som tanken på å springa over 42 kilometer er ganske absurd. Dessutan så likar eg best å springa åleine i skogen.

 

Å løfta tungt

Når eg løftar tunge vekter kjenner eg meg litt tøff. Eg treng å føla meg tøff i blant. Når ein er på helsestudio og løftar tungt er det for eksempel heilt ok å brøla litt. Dei dagane eg har løfta litt og brølt litt, så skriv eg ekstra godt.

Som forfattar så sit ein ganske mykje i ro og då kan ein få vond rygg, vonde skuldrar, musearm og alskens styggedom. Eg likar ikkje å ha smerter, så derfor løftar eg og brølar eg.

Det er helse i kvart brøl.

Dette er kanskje litt pinlig å innrømma, men eg drikk meir proteindrikk enn vin i løpet av eit år. Eller, når eg tenker meg om, så er det ikkje pinlig å drikka meir proteindrikk enn vin. Ikkje i det heile.

Men nokon dagar går eg berre tur

Under forfattarsleppet i Bergen i år var eg og høyrte på mange andre fine forfattarar. Ein forfattar eg likar godt er Hans Sande. Han fortalte om boka si Pappa er sjørøvar. Det har forresten blitt litt bråk kring den boka. Du kan lesa om bråket hos NRK. Kanskje grunnen til at eg likar Hans Sande som forfattar er at det av og til blir bråk av hans bøker? Nok om det. Det han sa, som eg beit meg merke i, var at han får dei beste ideane sine når han går i skogen. At det er nesten sånn at han kan kalla seg skogsarbeidar.  Det er litt sånn med meg også, eg får veldig mange gode idear når eg går på tur. Det å gå på tur, er derfor også ein viktig del av forfattarjobben.

Eg får mine beste idear når eg trenar eller går tur, når får du dine beste idear?

 

På Lidingö, som er min favoritturplass, har dei sett opp treningsapparat i skogen. Det likar eg godt, og når eg er på tur med for eksempel min nye venn Bessie (som er ein hund), så kan eg trena litt styrke. Sidan dette er naturreservat så kan ein ikkje nett begynna å hogga ned tre og sånn for å løfta på dei. Eg trur ikkje det er passande å brøla der heller, for då kan dei veldig små hundane som går på tur der bli redde.

 

PS: Eg er elendig i all ballidrett, dans, aerobic samt turn og alle typar kampsport. Eg er også elendig til å gå på ski, men i vinter er planen å gjera noko med det. Alle typar nedoverski er eg for feig til å prøva, eg likar ikkje å detta og slå meg.