Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker

Hei, eg er forfattaren Ingelin Røssland.
Her inne handlar det ikkje berre om meg. Du vil også få møta andre spanande og suksessrike bokfolk som vil røpa nokre av sine hemmeligheitar og skrivetips.
Dette er heilt enkelt bloggen for deg som oppteken av skriving, litteratur og som også er nysgjerrig på folka bak bøkene.
Håpet er at både du og eg vil læra noko nytt og nyttig.


Entries in ungdomsbøker (4)

mandag
des192011

Bak bøkene: Alf Kjetil Walgermo

Å skriva med hovud og hjarta

 

Alf Kjetil Walgermo er ein forfattar som ikkje går av vegen for å skriva om alvorlige tema for barn og unge. Han skriv dei bøkene han føler han må, i vår kom boka ”Mitt bankande hjarte” som handlar om ei jente som har ein hjartefeil og treng eit nytt hjarta for å leva vidare. Samtidig er det også ei kjærleikshistorie, for noko den unge hovudpersonen, Amanda, lurer på er om ho kan vera forelska same gut som før med nytt hjarta?

God kritikk!

Mitt bankande hjarte hausta mange godord då den kom ut i vår:

"Alf Kjetil Walgermo har skrive ein ungdomsroman om å vere fjorten år så eg gjenkjenner det sårbare i den tida." Torill Myren, Sunnmørsposten 

"Walgermo er ein utruleg flink forteljar, og han maktar å formulera fint og kjenslevart det som rører seg i tenåringen i møte med pubertet og vaksenliv." Audun Mosevoll, Dagen

"Fin skrivekunst [...] en engasjerende fortelling om liv og død, forelskelse og flere typer hjertesorg [...] en både god og nyttig bok." Morten Haugen, Aftenposten

Research

Det kan vera ein grei regel å skriva om noko ein har greie på. Då Alf Kjetil gav seg i kast med dette prosjektet, hadde han altså ikkje opplevd noko liknande sjølv og måtte gjera grundig research. Vidare måtte han på eit tidspunkt sleppa tak i alle fakta og lata hjarta ta over i historia, sånn at det ikkje berre blei masse fakta. Skal historia leva må forfattaren gå inn i historia med heile seg.

NOKO Å TENKA PÅ: TRUR DU AT EIN FORFATTAR KAN LEVA SEG INN I, – OG SKRIVA OM, NESTEN KVA SOM HELST?

torsdag
nov242011

Bak bøkene: Harald Rosenløw Eeg

Ta vare på ideane!

I dag er det utdeling av Brageprisen, og gjest i bak bøkene er ein som har vunne Brageprisen to gonger (For Vrengt 1997 og Yatzy 2004). Det er ganske imponerande. Så kva er Harald Rosenløw Eeg sin hemmelighet? Kor får han ideane frå til alle desse historiane som fenger så vidt og breitt? I haust er han aktuell med boka Gyldig fravær, som har fått knallkritikkar mellom anna i Dagbladet. ”Gyldig fravær er en roman om det vi frykter mest. Og om det vi ønsker oss mest i livet.” , står det på Aschehoug forlag sine sider om boka.

Imponerande liste over prisar

Harald Rosenløw Eeg har ei imponerande liste over prisar han har vunne, mellom anna er han den einaste som har vunne Tarjei Vesaas' debutantpris med ei ungdomsbok, alle dei andre som har fått denne prisen har gjort det med vaksenbøker. Debutboka til Harald heit Glasskår og kom i 1995. I 2001 kom filmen bassert på boka. Harald skreiv sjølv filmmanuset.

Meir enn berre bøker

Når ikkje Harald skriv bøker, så skriv han manus for film og tv. Du har kanskje sett DeUsynlige? Dette er ein av mine favorittfilmar viss ein berre skal velja mellom norske filmar. Den blir nesten betre når ein ser den fleire gonger. Så her er ein smakebit:

 

 

Om du skal skriva bøker, dikt, noveller eller film så er altså ideane viktige. Kor får du dine beste idear frå?

Når veit du at du har ein god idé?

 

PS! PS! PS!

I dag er det altså Brageprisutdeling og dette er dei nominerte i kategorien Barne- og ungdomsbøker:

Fallteknikk – Inga Sætre

Gjøken – Bjørn Arild Ersland og Hilde Kramer

Aarons maskin – Sverre Knudsen

Utfor – Sunniva Relling Berg

 

Kven er din favoritt?

 

fredag
nov042011

Bak bøkene: Hilde Kvalvaag

Det å vera ung kan følast veldig dramatisk

Hilde Kvalvaag vann Brageprisen i 2010 for ungdomsromanen Fengsla. Ei bok som også fekk gode kritikkar:
" Idun vekslar mellom sympati, sjalusi og forakt i ein komplisert relasjon som er særs godt og realistisk skildra."  Guri Fjeldberg,  Bergens Tidende.

 

Kvalvaag har med sitt presise språk og sugande (og til tider mørke) historier markert seg som ein av Noregs viktigaste og mest kompromisslause ungdomsbokforfattarar. Hovudpersonane hennar er gjerne tilsynelatande veltilpassa og snille, men stillast vatn har djupast grunn, som ein gjerne seier.

Mørkt og dystert

Norske (og kanskje i enno større grad Svenske) ungdomsbøker har i dei seinare åra blitt skulda for å ha vore for mørke og deprimerande. Men er det sånn at bøker for barn og ungdom må ha ein slutt som i det minste er håpefull og trøystande?

Brageprisen

Boka Fengsla vann Brageprisen i 2010, og Hilde Kvalvaag har vunne gjeve prisar for alle bøkene sine, også for vaksenboka Skagerak.

Det nærmar seg utdelinga av Brageprisen 2011 og dei nominerte i kategorien for  barne- og ungdomsbøker er:

Fallteknikk – Inga Sætre

Gjøken – Bjørn Arild Ersland og
Hilde Kramer

Aarons maskin – Sverre Knudsen

Utfor – Sunniva Relling Berg

Det blir veldig spanande å sjå kven som stikk av med prisen i år. Utdelinga skjer 24. november i Oslo.

Prisvinnar eller bestseljar?

Det er ikkje alltid at det er dei bøkene som vinn flest litteraturprisar er dei som blir mest kjøpt, lånt og lese. Kvifor er det sånn?

Og kva bok ville du helst ha skrive? Ein bestseljar eller ei bok som vinn litteraturprisar?

fredag
mai272011

Bak bøkene: Axel Hellstenius og Morten Skårdal

Prisvinnande samarbeid

 

Axel Hellstenius og Morten Skårdal  kom i 2010 ut med romanen Fittekvote. Eit prosjekt dei hadde jobba lenge med og som begynte som filmmanus. Det blei ikkje film i første omgang i alle fall, men det blei ei bok som fenga ungdommen godt. Den 26. mai, vann dei Uprisen under Litteraturfestivalen på Lillehammer, ein pris gjeve av ungdommane sjølve.

”Vi har ikke lest noe liknende før” skreiv juryen i si grunngjeving. Les meir om prisutdelinga her.

 

Axel Hellstenius er ein erfaren forfattar som har skrive fleire bøker, film og tv-seriemanus mellom anna boka "Mens Blücher sank" i 2009 og filmmanus til Elling og Mors Elling. Meir om hans produksjon finn du her. Men eg mistenker at den sida på Wikipedia ikkje er heilt oppdatert.

 Morten Skårdal debuterer som forfattar med denne boka. Han er orlogskaptein i forsvaret og skulle såleis ha veldig god peiling på miljøet det handlinga i boka foregår som altså er forsvaret.

"I Fittekvote blir vi kjent med Victoria, som bestemmer seg for å søke på befalsskolen sammen med kjæresten, men det er slett ikke enkelt. De kan ikke vise at de er kjærester, og Victoria får testet sine egne grenser både fysisk og psykisk. Samtidig må hun ta et valg: skal hun signere utenlandskontrakten, og dermed være villig til å dø for sitt land?" står det å lesa på Cappelen Damm sine sider om Fittekvote. Les resten av artikkelen her.

 

Morten og Axel er si bok eksempel på at to hovud gjerne tenker betre enn eitt. 

Kva tenker du, blir bøker som er skrive av to forfattarar dobbelt så bra?
Har du ein favoritt forfattarduo?


Sidan eg var så heldig å få prata med Uprisvinnarane, så kom dette som ein ekstraepisode i Bak bøkene. Neste gjest kjem på måndag:

I neste episode av Bak bøkene skal det handla om arv og miljø. Gjesten kjem frå ein av Noregs mest omfangsrike forfattarfamiliar. Då eg spurte kor mange forfattarar dei eigentlig var i familien, kunne ho ikkje svara nøyaktig på det sjølv ein gong. Kan du gjetta kven gjesten er, eller i det minste kva kjent etternamn ho har?