HovudsidaBøkeneForfattarenEngel Winge

ForfattarbesøkBildeSpørsmål og svar

 

 

 


Bilete av boka "IKON Diana"

 

Høyr utdrag frå boka her:

diana.mp3 (ca. 1,7 MB)

Klikk her for å kjøpa boka



IKON Diana

Lady Diana trudde livet skulle bli eit eventyr då ho berre 20 år gammal gifta seg med prins Charles. Det blei snarare ein såpeopera, med ein tragisk og blodig slutt.


Ingelin Røsslands biografi om Diana er ingen rosa prinsessebok. Prinsessa av Wales blir heller ikkje framstilt som noko offer for omgjevnadane som let seg kua av kongehus eller pågåande presse. I boka blir Diana skildra som ei forfengeleg, men sterk og omsorgsfull kvinne, som litt etter litt finn sin plass i det offentlege liv. Ho lærte raskt å bruka pressa til sin eigen fordel, både for å gi merksemd til saker ho brann for som Aids og kampen mot landminer, og ikkje minst i kampen mot mannen ho hadde gifta seg med. Diana nekta å akseptera Charles sitt romantiske forhold til Camilla Parker Bowles, og ho la mykje av skulda for det mislukka ekteskapet sitt på Camilla.


Røssland set det kongelege dramaet inn i eit historisk perspektiv, kanskje best oppsummert i Charles sin eigen kommentar: Did you seriously expect me to be the first prince of Wales in history not to have a mistress?