|
|
|||
![]() |
|||
|
|
|||
|
|
|||
Høyr utdrag frå "Englejakt" ca. 12 MB
Følg Engel Winge på Facebook!
|
|
– Er det ein pistol eg
kjenner i nakken? spør eg. – Ja, seier han, og eg høyrer eit klikk. – Og no er det ein usikra pistol du har i nakken. I Englejakt har ei synsk dame kjend frå ein tv-serie kome på ferie til Tysnes. Engel er skeptisk til overnaturlige greier, derfor overtalar ho kjendisen til å bli med til Marøya. Det viser seg snart at ikkje alle spøkelsa på Marøya er like døde, og at vondskapen til dei levande er grenselaus. Englejakt er andre boka i serien om journalisten og bråkmakaren Engel Winge. Sagt om boka: "En innertier av en spenningsroman" Heidi Sævareid, Barnebokkritikk.no "Liker du bøker med tøffe heltinner og røft språk, anbefaler jeg deg å lese denne! Den egner seg ikke for sarte sjeler, men gir deg rå spenning fra første side!" Maria Røstad Flesjå, Klepp bibliotek "Karakterdriven krimserie med snert" Kristine Isaksen, Bergens Tidende Besøk Engel Winge sitt univers på: www.engelwinge.no På sidene til Engel, vil du finna bokmeldingar, biografiar på karakterane frå bøkene, nyheiter, kart og mykje meir. Engleslakt er siste boka i den råe triologien om journalistspira og bråkmakaren Engel Winge. Boka kjem ca 10. september 2010. ![]() – Korleis fann du meg? – Eg er journalist, eg kan finna deg om så du prøver å gøyma deg på baksida av Helvete, Stian. For det er Stian du heiter, Sly? – Jo, seier Stian og set seg opp på benken der han har lege og løfta. Etter ein fest begynner Engel og venninna Irene å få ubehagelege tekstmeldingar. Det som først ser ut til å vera ein dårlig spøk, blir snart blodig alvor. For første gong er journalistspira usikker på om det er sånn at alt eignar seg på trykk. Ho får kjenne på sitt eige mørker, for finst det brot som ikkje kan bli tilgitt, men må hemnast? |
|