Kunsten å inhalera

Frå boka:
– Nei! Satan, nei!
Han er død. Gode Gud. Eg har drepe min eigen bror! Augo hans er attlatne. Den blå luva sit skeivt på hovudet hans. Det er ingenting å høyra. Som om nokon har teke alle lydane og stappa dei i ein sekk og drege langt bort herfrå..
Om boka:
Anette er snart 16 år, og bur i den mest avsidesliggande bygda på ei lita øy. Den bygda det ikkje går andre bussar til enn skulebussen. Saman med venninna Christin, har Anette som nyttårsløfte å begynna både å røyka og drikka. Planen er å bli ein av dei tøffe, men det er ikkje den einaste planen ho har: Ho vil nemleg kyssa Bobby. Bobby, som er høg og mørk med håret i hestehale. Bobby som har den raskaste mopeden på heile øya.
Med sin rappkjefta stil, klarar Anette å oppnå det meste ho går inn for. Men ikkje alle andre er like rett fram som ho sjølv, ikkje alle er den dei gjev seg ut for å vera.
Frå bokmeldingane:
"Ungpikebok for moderne Vestlandsjenter. Språket, og særlig replikkene, løfter denne boken ut av tenåringsklisjeenes verden."
Guri Fjeldberg, Bergens Tidende.
"Kunsten å inhalera" er ei kjærleiksbok, og det som reddar boka frå berre å vera ei ungjente-bok er den rappkjefta hovudpersonen sjølv. Her er saftige ingrediensar og saftig språk. Innimellom kjem små poetiske bilete, glimt frå og til ein annan stad, som står fram som reine dikt: "Stilla er ein usynleg haikar som sit og tek altfor stor plass i bilen". [...]
Røssland har peiling på tenåringsjenter - og tilhøva på små holmar og øyer. Forfattaren teiknar opp eit usentimentalt bygdeunivers der dei råaste og mest overtydande mopedskildringane rår. Røssland kan sitt dramatikarspråk (ho skriv historiske spel for born og vaksne) og replikkvekslingane sit som spikra; kjapp og kul som Anette sjølv."
Inger N. Bråtveit, Magasinett.
Ein novellefilm basert på eit utdrag frå Kunsten å inhalera!
|
|