Aina Basso (1) alderdom (1) Alf Kjetil Walgermo (1) ALMA-prisen (1) Alt som er galt med Georg (1) Anna R. Folkestad (1) Anne Gaathaug (1) Arbeidsstova (12) Arbeidsstova (4) Arks barnebokpris (1) Asbjørn Rydland (1) Aschehoug Forlag (1) Audrey Niffenegger (1) Axel Hellstenius (1) Bak bøkene (31) BBrageprisen (1) Bikubesong (1) Bjarte Breiteig (1) Bjørn Sortland (3) Bok i Lofoten (1) bokbloggar (1) bokdama@work (1) bøker (1) bøker for gutar (1) bokfest (1) bokhora (1) boklansering (1) Brageprisen (1) Brian Selznick (2) Cappelen Damm (2) comorraen (1) Comorraland (1) Cormac McCarthy (1) deadline (1) debutant (3) dei nynorske festspela (1) den vanskelige andreboka (1) desperasjon (1) Det Norske Samlaget (2) dialog (1) Donnie Brasco (1) dramaturgi (1) Dukken (1) Eg elska deg mest (1) Eit vintereventyr (1) Få meg på for faen (1) Falturiltu (1) fantasy (1) fforfattar (1) film (1) filosofi (1) Fiolinane (1) forelskelse (1) forfattar (14) Forfattarar (30) forfattarbesøk (1) forfattarliv (1) forfatter (3) forfattere (1) forfattersentrum (1) forlagsfest (1) forlagsfolk (1) forlagsliv (1) frå bok til film (1) Frode Grytten (2) genialitet (1) Gunnar Ardelius (2) Guri Fjeldberg (1) halvmaraton (1) Hans Sande (1) Harald Rosenløw Eeg (1) heimstaddiktar (1) Heksebrenning (1) Hekseprosessane (1) Henrik And (1) hestebok (1) Hestenes klan (1) Hilde Hagerup (1) Hilde Kvalvaag (1) Himmelfallen (1) historiske romanar (1) hjartebøker (1) hjartefeil (1) hjartetransplantasjon (1) hjernebøker (1) Hugo Cabret (1) idear (1) IIngelin Røssland (1) Ingelin Røssland (5) Inger Hagerup (1) Ingunn Aamodt (1) Iselin B. Alvestad (1) Isnätterna (1) Jan Roar Leikvoll (1) Jeg trenger deg mer enn jeg elsker deg og jeg elsker deg så himla høyt (1) Jessica Björkäng (1) Johanna Karlsson (1) Johanna Lindbäck (2) Johanna Ögren (1) Johanna Thydell (1) Johannes Heggland (1) Jon Fosse (1) Jostein Gaarder (1) Kagge Forlag (1) Karius og Baktus (1) Kirsebærsnø (2) kjærleik (1) Kjersti Instefjord (1) kkjærleik (1) Klaus Hagerup (1) Kritikar (1) Kunstdetektivene (1) Lars Mæhle (1) leselyst (1) Linde Hagerup (1) Litteraturfestivalen på Lillehammer (1) Live Bonnevie (1) mafia (1) Malin Isaksson (1) Mari Moen Holsve (1) Mariangela Cacace (1) Marlena Evensen (1) meiningar (1) Mia Berner (1) Minus meg (3) Mirakel (1) Morten Skårdal (1) motivasjon (2) novelle (1) Odda (1) Olaug Nilssen (1) Oppfinnelsen av Hugo Cabret (2) Phenomena (1) Pulverheksa (1) Renate Nedregård (1) research (2) roman (1) Romeo og Julie (1) Ruben Eliassen (1) Saganatt (1) salongen (1) Sigbjørn Mostue (1) Silje Stavrum Norevik (1) skildring (1) skrive bok (2) skrivekunstakademiet (1) skrivekurs (1) skriveprosess (2) Skrivetips (29) skrivetips (23) Sofies verden (1) språk (1) springe (1) Stephen King (1) Steve Jobs (1) styrke (1) Sverre Henmo (1) Svolvær barne- og ungdomsskole (1) tålmod (1) teater (1) Torbjørn Egner (1) Trening (1) turar i skog og mark (1) tvil (1) ungdomsbøker (4) Uprisen (1) Välkommen hem (1)

Kjøpa bok?



I desse nettbok-
handlane kan du
kjøpa bøker eg
har skrive, novelle-
samlingar eg er
med i og bøker
eg har omsett.

 

Lenker
Main
tirsdag
apr262011

Ingelin Røssland

Eg er født 19. februar og deler dermed bursdag med to av mine idol, forfattaren Siri Hustvedt og astronomen Nikolaus Kopernikus. Vidare er eg fødd i 1976 og kjem frå Tysnes i Sunnhordland, men har sidan 2009 budd i Stockholm i Sverige.

Eg er forfattar men er eigentlig utdanna journalist og skodespelar.
Før eg kunne leva av å vera forfattar jobba eg mellom anna i Tysnes, Hardanger Folkeblad, Haugesunds Avis og var fleire år tilsett i Noregs mest nysgjerrige fjernsynsprogram, Newton på NRK. No er eg leiar i Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere sitt litterære råd, noko som mellom anna betyr at eg les alle bøker for barn og ungdom som kjem ut på norsk i året.

Året 1998 debuterte eg med romanen Viss du vil og har seinare utgitt ei rekke bøker, vunne ein del prisar og blitt omsett til mellom anna tysk.

I 2007 vann eg Uprisen med boka Handgranateple.
Juryen skreiv mellom anna dette som varma særlig:

"Forfatteren forstår hvordan ungdom tenker, snakker og oppfører seg. Det er ingen moral som styrer boka, men den er likevel tilstede. Boka er fengende fra første side og handlingen er uforutsigbar."

Men meir harde fakta finn du om meg på Wikipedia.

Eg er ein sånn forfattar som har visst at det var det eg skulle bli så lenge eg kan huska. Først så tenkte eg at eg skulle bli forfattar og lærar, for lærar var jo sånne som måtte kunna veldig masse forskjellig og eg har alltid vore veldig nysgjerrig. Ein lærar får jo også lov til å stå og prata framfor publikum, altså elevar, kvar dag. Eg syntes det var stilig. Dei tre første åra på skulen hadde eg ein lærar som fortalde veldig mykje om Jesus. Jesus fann på mange historier og så fortalde han dei til læresveinane sine, han var altså også ein slags forfattar og lærar. Alle historiene til Jesus hadde ein bodskap, nokre gonger var den bodskapen så skjult at ikkje læraren kunne forklara det ein gong. Då berre var det sånn, sa han, eller at vi kunne komma til å forstå det når vi blei eldre og klokare.

Den læraren som fortalde mykje om Jesus skreiv ein ting i eit brev heim til foreldra mine, som gav meg stor tru på at eg kunne bli forfattar. Han skreiv at det såg ut til at Ingelin hadde fått språket i voggegåve. Eg klamra meg til dette også då eg seinare fekk ein lærar som likte å lesa skrivefeila mine høgt for dei andre i klassen. Eg huskar særlig godt ein gong vi hadde hatt diktat, og eg hadde nesten alt feil. ”Det heter ikke bannan, sjokkolade og bennsin! Hahaha!” Heldigvis fekk eg ny norsklærar på ungdomsskulen. Det gjer vondt å bli ledd av, men ein huskar for all ettertid at banan, sjokolade og bensin er ord som blir skrive med enkel konsonant.  Eg trur at det som redda meg var at eg var så glad i å lesa bøker, og at eg etterkvart skjøna kva ord som var særlig vanskelige for meg. Så konsonantar får meg til å vera ekstra på vakt.

Det at eg har hatt, og framleis kan ha det litt vanskelig med språket, gjer at eg synest at historia er viktigast av alt. Viss du har ei god historie å fortelja, så er det viktig å få den ut sjølv om ikkje språket er heilt perfekt. Språket er verktøyet for å fortelja historia. Eg er sjølvsagt også oppteken av å ha eit språk som glir lett om eg no skriv på nynorsk eller bokmål. Eg er ein språknerd og jobbar heile tida med å betra og utvikla språket mitt. Så det er er klart at det er bra å ha godt verktøy, men verktøy åleine er ikkje godt nok. Kva skal du med godt språk, viss du ikkje har noko å fortelja?

Viss du besøker desse sidene fordi du skal skriva særoppgåve, eller av andre grunnar er spesielt oppteken av livet mitt, så står det meir om meg her og her og her.

Har du spørsmål eller kommentarar, ikkje nøl med å skriv i komentarfeltet under!

Her er ei melding som kom inn på www.engelwinge.no og som gjorde meg litt sånn ekstra glad:

Eg er veldig glad for å ha minst ein fan!



Reader Comments

There are no comments for this journal entry. To create a new comment, use the form below.

PostPost a New Comment

Enter your information below to add a new comment.

My response is on my own website »
Author Email (optional):
Author URL (optional):
Post:
 
Some HTML allowed: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <code> <em> <i> <strike> <strong>