| |
![]() | |
|
|
|
|
|
|
|
Foto Joar E.M Klette
|
Spørsmål og svar:
Dette er ei side der eg
har samla nokre spørsmål eg har fått frå elevar som har jobba
med bøkene mine i samband med forfattarprosjekt på skulen. Viss
det er andre ting du lurer på, still spørsmåla dine
her. Kvifor begynte du og skriva? Fordi eg likar å finna
på historier og fortelja dei til andre. Likte du å skriva då du gjekk på skulen? Viss det var frie
oppgåver der me fekk bruka fantasien, var det ein fest med norsk
stil. Skreiv også skodespel og sketsjar som eg spelte saman med
vennene mine på elevkveldar og andre stader der me slapp til.
Har alltid likt å underhalda andre. Skriv framleis skodespel og
set opp revyar. På garden der eg vaks opp, er det bygd scene i
ei gamal saltebu.
Les du mange bøker? Eg les lite i forhold
til då eg var yngre. I oppveksten las eg fleire bøker i veka, no
ser eg oftare film. Kven er din favorittforfattar? Det finst mange bra forfattarar. Eg les mest norsk litteratur, og blir alltid veldig glad når eg finn gode ungdomsromanar.
Fordi det er gøy. Har du planar om å skriva fleire bøker? Eg har alltid mange
idear i hovudet som eg lengtar etter å få ned på papiret. Liknar personane i bøkene dine på deg? Alle personane i bøkene
mine har meir eller mindre fellestrekk med meg sjølv. Det er
ganske enkelt fordi eg ikkje kan skriva ut i frå andre tankar og
kjensler enn mine eigne. Men kliss lik meg er dei ikkje. Når eg
skriv tenker eg på kva eg ville gjort/tenkt/følt i ein eller
annan situasjon eg diktar opp. Kva inspirerer deg? I utgangspunktet er alt inspirerande. Men
eg får ofte mange tankar i hovudet av det andre har skapt før
meg. Musikk, film, teater og ikkje minst bøker. Eg blir også
inspirert av opplevingar åleine eller saman med andre menneske.
Ting eg les i aviser eller får fortald frå andre, set også
fantasien i sving.
|